Hopp til innhold

Vil utrydde kjempe­bjørne­kjeksen i heile kommunen

Kvar sommar får fleire utslett og blemmer etter å ha vore i kontakt med den giftige urta. På Gjøvik tar dei grep.

Kjempebjørnekjeks

VIL KVITTA SEG MED KJEMPEBJØRNEKJEKSEN: Den er blant verstingane på lista over forbodne plantar i Noreg - og eit velkjent problem over heile landet.

Foto: Geir Randby / NRK

Ein skog!

Ein skog av gigantiske blomar. To og tre - ja opptil fire meter høge ragar dei i kanten av eit jorde.

Ein eim sig ut av monsterplantene, ikkje ulikt lukta av selleri.

– Ja, dei er i slekt med selleri og gulrot og diverse andre skjermplanter, seier Edwin Henri Johan Oortwin.

Sveitten siler av han i varmen, der han saman med kollega Jim David Gauksrud, gyv laus på rota til plantene med spiss stikkspade.

Slik får dei tatt knekken på dei, før dei rekk å spreie frøa sine.

– Alt anna rundt dør. Det er ein viktig grunn til at vi gjer denne jobben, seier Oortwin.

Kjempebjørnekjeks-stills

KJEMPEBJØRNEKJEKSEN SKAL NED: Heile skogen av kjempebjørnekjeks framfor Edwin Henri Johan Oortwin frå landbrukskontoret på Gjøvik skal ned.

Foto: Geir Randby / NRK

Overtar for alt anna

Kjempebjørnekjeksen er blant verstingane på lista over forbodne planter i Noreg. Den er eit velkjent problem over store delar av landet.

Skogkanten der dei to spar røter, er typisk for kvar denne supersterke planta, opprineleg frå Kaukasus, spreier seg. I område som elles ikkje blir pleid av hageeigarar eller bønder.

Ugras som brennesle og bringebærkjerr må vike.

Til og med kjempespringfrø, ei anna hardfør, svartelista plante, bukkar under for kjempebjørnekjeksen.

Kjempebjørnekjeks-stills

GODT KLEDD: Edwin Henri Johan Oortwin og Jim David Gauksrud er godt beskytta for å ikkje få på seg plantesaft frå kjempebjørnekjeksen.

Foto: gEIR rANDBY / NRK

Til vanleg sit Edwin Henri og kollega Jim David inne på landbrukskontoret og er rådgjevarar framfor ein PC. Men heile sommaren driv dei med dette harde kroppsarbeidet.

Dei fartar rundt til 8-10 ulike stader i store Gjøvik kommune der kjempebjørnekjeksen har dukka opp.

Nokre stader må dei kutte røter tre-fire gonger i løpet av sommaren for å lukkast.

Sauen hjelper til

Og fleire bidreg i kampen mot kjempa.

På eit jorde nokre mil unna, går ein flokk sauar. Dei er plassert der for å ete kjempebjørnekjeks.

– Både geit og sau liker planta veldig godt, og dei toler den, seier Oortwin.

Han er opphavleg frå Nederland. Der har dei ein nasjonal handlingsplan mot kjempebjørnekjeks. Og sauen er den viktigaste krigaren dei har.

– Sauerasa dei bruker i Nederland er hardfør og for dei sauane er kjempebjørnekjeksen toppen av mat. Dei knaskar i seg både små og store planter. Dei gneg av stilken på dei høgaste plantene og veltar dei, slik at dei får ete alt.

Også prøve-sauene på Gjøvik liker planta - og dei held jordet reint gjennom sommaren.

– Sauene blir jamleg sett til av veterinær. Vi sjekkar mellom anna om dei får blemmer i munnen. Men det ser ut til å gå bra med dei, og at dei koser seg med «kjeksen», seier Oortwin.

Han håper at også andre norske sauerasar kan venne seg til å ha kjempebjørnekjeks i kosten.

Kjempebjørnekjeks

SAUEHJELP: Sauer liker kjempebjørnekjeks. Ein flokk gamal, norsk spelsau jobbar på eit jorde som var infisert av planta. Dei liker den og held det reint. Her i samarbeid med Jim David Gauksrud.

Foto: Landbrukskontoret i Gjøvik

Blemmer og utslett

Kjempebjørnekjeks er giftig. Dersom du får plantesaft på huda, må den vaskast av så fort som mogleg. Elles kan du få store blemmer.

Spesielt farleg er det om du får sol på huda etterpå, da kan reaksjonen bli ekstrem, og det er vondt.

Kvar sommar får fleire utslett og blemmer etter å ha vore i kontakt med kjempebjørnekjeks.

Kjempebjørnekjeks kan føre til voldsomme blemmer og forbrenning i huden.

FARLEG PÅ HUD: Hudkontakt med kjempebjørnekjeks kan gje alvorlege utslett og blemmer. Plantesafta må vaskast av innan to timar. Og sjølv om den blir vaska av, anbefaler FHI å bruke høg solfaktor minst to dagar etterpå.

Foto: Åshild Levik

Avdelingsdirektør Mari Tosterud i Folkehelseinstuttet er sjef for giftinformasjonen.

Ho seier at plantesafta må vaskast av så fort som mogleg, elles rekk den å trekke inn i huda.

– Bruk høg solfaktor og dekk til huda med klede i minst to dagar etter at du har vore i kontakt med planten, da kan du førebyggje skaden.

Giftinformasjonen har fått rundt 50 spørsmål eller meldingar om kjempebjørnekjeks i år.

Dei fleste som melder frå om skader frå kjempebjørnekjeks til Giftinformasjonen, er vaksne.

– Dei kan få safta på seg når dei luker i bed, eller driv med arbeid ute på jordet, seier Tosterud.

Les også Uroa for utviklinga: Lupinen rykker nærare og nærare nasjonalparken

Lupiner langs fylkesveg 51 Valdresflye

Planta skal bort

Politikarane i Gjøvik vil ikkje at innbuarane skal risikere dette. Difor satsar dei så hardt på å bli heilt kvitt planta og har satt av pengar til det.

Noko landbrukssjef Ingun Revhaug er glad for.

– Planta finnast også langs turstiar der folk ferdast, det er ikkje bra. Så både med tanke på natur og folk set vi nå alt inn på å utrydde planta her hos oss, seier Revhaug.

Kjempebjørnekjeks-stills

VIL FJERNE PLANTA: Landbrukssjef Ingun Revhaug i Gjøvik vil ha utrydda kjempebjørnekjeks frå kommunen. Både fordi den øydelegg natur og fordi den er giftig for folk.

Foto: Geir Randby / NRK

Det er mogleg å sprøyte kjemikaliar på planta tidleg på våren, men mot bekkar og vatn er dette ikkje lov.