Skulevalet verkar ikkje på kven som faktisk blir vald inn på Stortinget.
Samstundes har skulevalet vore ei god peikepinn på kva veg veljarane går.
Skuleelevane i Innlandet ønskjer at Framstegspartiet skal sitte i regjering dei neste fire åra.
Dei vinn både i Hedmark og i Oppland valdistrikt.
Høgre blir og nest størst parti i begge valdistrikt.
Valresultat frå skuleelevane i Hedmark:
Parti | Oppslutning | Endring |
---|---|---|
27,6% | +14,6 | |
17,0% | +9,0 | |
15,5% | −10,5 | |
10,7% | −9,3 | |
8,8% | +2,8 | |
7,2% | −3,8 | |
3,0% | −1,0 | |
2,2% | +1,2 | |
2,0% | −2,0 |
Valresultat frå skuleelevane i Oppland:
Parti | Oppslutning | Endring |
---|---|---|
26,6% | +16,6 | |
17,5% | +9,5 | |
16,0% | −8,0 | |
11,1% | −0,9 | |
9,8% | −12,2 | |
7,2% | −2,8 | |
2,2% | −2,8 | |
1,7% | −2,3 | |
1,2% | +0,2 |
Skuleungdommane ser difor ut til å ønskje seg ei blå-blå regjering dette valet.
Det meiner Tord Willumsen, som er politisk kommentator frå Universitetet i Innlandet.
– Ungdommane trur på bodskapen frå Høgre og Framstegspartiet, de vil ha ny regjering, openbert, seier Willumsen til NRK.
SOSIALE MEDIUM: Tord Willumsen frå Universitetet i Innlandet trur dei blå partia har lukkast med å nå dei unge.
Foto: Viktoria Hellem-HansenEin av fire vel Frp
I Hedmark får Framstegspartiet ein oppslutning på 27,6 prosent. Det er eit stort byks frå 13 prosent ved skulevalet i 2021.
På Solør vidaregåande skule stemde 48,3 prosent på Framstegspartiet.
I Oppland går dei og opp til 26,6 prosent frå 10 prosent. På Vinstra vidaregåande skule stemde 42,0 prosent på dei.
NØGD: Jostein Kristiansen (fylkesleiar, Innlandet Frp), Jonas Ås (fylkesleiar, FpU) og Inez Baksetersveen (debattant, Frp)
Foto: PrivatLeiar i Innlandet FpU, Jonas Ås, er særs nøgd med resultatet.
– Det gjekk over all forventning. Det viser jo at det er ein kommande generasjon som vil ha meir fridom, friare skule, og lågare skattar og avgifter, seier Ås til NRK.
Høgre blir skulevalets nest største parti i begge valdistrikt med 17 prosent i Hedmark og 17,5 prosent i Oppland.
Nedgang for regjeringspartia
Arbeidarpartiet brukar å stå sterkt i Hedmark, men i årets skuleval får dei ei oppslutning på 15,5 prosent i Hedmark.
Det er ei nedgang frå 26 prosent under førre skuleval.
Ein av skulane som har vendt ryggen til Arbeidarpartiet er Trysil vidaregåande skule.
Der fell dei frå 42,6 prosent til 15,3 prosent.
I Oppland får dei 16 prosent, ned frå 24 prosent.
AUF Innlandet si leiar, Tuva Rognås Strømmen på valvake i Gjøvik.
Foto: Stine Bækkelien / NRKTuva Rognås Strømmen, leiar i Innlandet AUF, er skuffa, men ikkje overraska.
– Vi har sett ein høgrevind blant unge det siste året, så det er naturleg at det føljer trenden vi har sett i samfunnet, seier Strømmen til NRK.
Ho meiner Høgre og Frp har vore gode på sosiale medium og at dei beskriv godt problemet dei unge står ovanfor.
– Men det er nesten 1 500 elevar i Innlandet som har stemt Arbeidarpartiet. Det viser at mange ønskje våre løysingar, og det er jo veldig bra.
MOT MODERPARTIET: AUF-leiar Gaute Skjervø seier regjeringa har gjort valkampen vanskeleg.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKTil NTB seier AUF-leiar Gaute Skjervø at skulepolitikken til moderpartiet har «vore eit stort hinder i denne valkampen».
Ap-regjeringa har stramma inn på fråværsgrensa og russetida.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun seier til NTB at ho «beklagar for at AUF har stått i vonde og krevjande skuledebattar rundt omkring i landet».
Pengar engasjerer
På Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skule sit ei gruppe ungdommar som skal stemme.
Dei har brukt valomat for å finne ut av kven dei skal stemme på.
FYRSTE GONG: Ungdommane i Otta har ikkje brukt stemmeretten sin før. Her sit Anna Korsen Faksvåg, Sivert Håskjold Eide, Tobias Torsteingard og Thea Amelie Green-Kleiven.
Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRKØkonomi, skattar og avgifter engasjerer ungdommane.
– Eg synest at det er viktig at vi bruker pengane våre på den norske befolkninga, seier Thea Amelie Green-Kleiven.
Fleire av dei er oppteken av at Noreg skal sette eige befolkning fyrst.
– Vi bør halde ressursane våre i Noreg og ikkje sel elektrisitet til utlandet og prioriterer Noreg, seier Tobias Torsteingard.
Straffar fylkespolitikarane
Skulepolitikk er eit heit tema også i årets valkamp.
Sjølv om det er stortingsval, har fleire av elevane i Innlandet skulenedlegginga ferskt i minnet.
Veljarane på Solør vidaregåande skule seier til NRK at saka om skulestruktur i Innlandet har hatt verknad på deira val.
– Eg byter parti, fordi dei har gjort eit dumt og dårleg val. Det råker oss som elevar veldig hardt, seier Ådne Jonsæter.
BYTER: Ådne Jonsæter på Solør vgs. snur ryggen til partiet han stemde på før.
Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRKHan val difor Senterpartiet i år.
Klara Oline Øyseth Johansen val derimot Venstre.
– For meg er det viktig med ei god skule der alle føler seg høyrt og alle trivst, seier Klara.