Hopp til innhold

Forstår ikkje at han kan ha drepe naboen sin

LILLEHAMMER (NRK): Mannen som står tiltala for drap på ein 61-åring på Vinstra har ingen minner om å ha drepe nokon. Han seier han ikkje kan skjøne at han har gjort det.

Rettssak drap Vinstra, dag 1

AKTOR OG FORSVARAR: Iris Storås er aktor i saka som går for Nord-Gudbrandsdal tingrett. Kåre Lund er tiltalte sin forsvarar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

15. august 2019 fekk politiet melding om ein blodig og aggressiv mann som banka på fleire dører i eit nabolag på Vinstra. Dei kom til staden og tok mannen i 30-åra raskt. Dei har sagt at han verka rusa og hadde blodige klede.

Den tiltala erklærte seg ikkje skuldig då saka mot han starta i dag i Nord-Gudbrandsdal tingrett. Mannen er tiltala for å ha drepe ein av naboane sine, Jul Gunnar Budsberg på 61.

Brutalt drap

61-åringen vart drepen inne i sin eigen heim. Han vart utsett for omfattande vald mellom anna mot hovudet, og vart kvelt med pulver frå eit brannsløkkingsapparat.

– Det er eit brutalt drap. Avdøde er utsett for brutal vald og døyr til slutt av kveling, seier statsadvokat, Iris Storås.

Mann drept på Vinstra. Skjedde i dette huset

ÅSTAD: Drapsofferet vart funnen her i sin eigen leilegheit.

Foto: Elin Fossum / NRK

To menn vart tekne av politiet på drapskvelden, men den eine vart sjekka ut av saka ganske raskt.

– Ikkje noko motiv

Den tiltala og drapsofferet var naboar i eit bustadkompleks på Vinstra der det er fleire kommunale bustadar.

Rettssak drap Vinstra, dag 1

FORSVARAR: Kåre Lund er forsvararen til den tiltala mannen. Dei står fast ved at tiltala ikkje hugsar noko frå drapskvelden.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Forsvarar, Kåre Lund, seier det ikkje finst motiv for drapet. Tiltala hadde ikkje noko uvennskap med den avdøde mannen. Dei to snakka saman ved postkassa og elles når dei treftest.

Politiet om dødsfall: – Ikke noe klart motiv

Mannen ønska ikkje å forklare seg i retten, så det vart lest opp frå politiforklaringane. Der forklarte tiltalte at han ikkje hugsa, og ikkje skjønte noko av dette. Han hadde blitt ringt opp av advokaten sin dagen hendinga og fekk fortalt at det hadde vore eit drap på Vinstra.

– Det er ein uhyre vanskeleg situasjon for han. For han er det tungt å komme gjennom desse dagane her. Om det er rett det som står i tiltalen ser han sjølvsagt alvorleg på det, seier forsvarar, Kåre Lund.

Er tilrekneleg

Det blir eit viktig spørsmål for retten om grunnen til at tiltala ikkje hugsar drapet er fordi han har rusa seg med alkohol.

– Om han ikkje hugsar det som er skjedd fordi han har drukke alkohol, har ikkje det betydning for om han skal straffast eller ikkje, seier aktor, Iris Storås.

Sakkunnige seier han er tilrekneleg. Han hadde høg promille på drapsdagen, men skal ikkje ha vore påverka av andre rusmiddel enn alkohol.

Den tiltala er dømt for vald tidlegare. Også dei gongene skal han ha vore påverka av alkohol.

Rettssak drap Vinstra, dag 1

SAKKUNNIGE: Terje Tørrisen og Monica Flermoen er sakkunnige psykologar i saka og har observert den tiltala.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Bevis

Blant bevisa som er funnen på åstaden er ein hettegenser som tiltalte hadde på seg tidlegare på dagen. Det er også funne handavtrykk på brannsløkkingsapparatet inne i leilegheita.

Tiltalte hadde blod på kleda, skoa og kroppen som stamma frå den avdøde 61-åringen.

Mann funnet død på Vinstra

UNDERSØKINGAR: Krimteknikarar gjorde undersøkingar i heimen der offeret vart funnen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dette drapet skjedde berre ti månader etter eit anna drap på Vinstra, der ei 16-år gamal jente vart knivstukke og drepen. Dermed vart bygdekommunen ramma av to tragediar på under eitt år.

Flere saker fra Innlandet