Hopp til innhold

Elg vart påkjørt to gonger på 15 minutt

Det vart ei tragisk start på påska for ein elg i Valdres som var innblanda i to trafikkulykker i løpet av kort tid.

Det var på E16 ved Begna bruk i Valdres at politiet fekk melding om at det hadde vore ein elgpåkjørsel natt til skjærtorsdag.

Elgen skal berre ha fått lettare skader, men da viltnemnda var på veg kom ein ny telefon.

Vart avliva

– Elgen hadde nok ein gong prøvd å krysse vegen, og vart nok ein gong påkjørt. Dette skjedde berre 10-15 minutt etter den fyrste hendinga, fortel operasjonsleiar Tom Midthaug i Vestoppland politidistrikt.

Kort tid etter den andre påkjørselen vart den uheldige elgen avliva av viltnemnda.

– Ingen personar vart skadd etter møtet med elgen, seier Midthaug.