Hopp til innhold

For eitt år sidan kom skredet dundrande mot huset: – Det var heilt surrealistisk

– Vi hadde veldig flaks, seier Mette Heggelund Pedersen, som måtte evakuere med familien for eitt år sidan.

Mette Heggelund Pedersen forteller om en dramatisk natt da skredet gikk natt til 8. august 2023.

DRAMATISK: Mette Heggelund Pedersen fortel om ei dramatisk natt da skredet gjekk.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Like før klokka 04 natt til 8. august 2023 gjekk eit skred nedover lia ved Heggelund i Valdres.

Fleire familiar blei evakuerte i området den natta, blant anna dei fire generasjonane som bur på Heggelund.

– Det var heilt surrealistisk, seier Mette Heggelund Pedersen eitt år etter at skredet gjekk.

Les også Jordskred i Valdres: – Det gnistret og buldret i skogen

Markus Lihagen opplevde jordras i Valdres

Dramatisk natt

Tidlegare den natta hadde det begynt å renne ein del vatn mot inngangspartiet til huset til Mette. I tretida begynte dei å legge ut sandsekker for å styre vatnet unna, og bilane blei køyrde ut av gardsplassen.

Like før klokka 04 natt til 8. august 2023 gikk et skred i Heggelund i Valdres.

HEGGELUND: Slik såg det ut ved huset deira same dag som skredet gjekk.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Vi visste at det skulle skje noko. Og like etter kom raset, fortel Markus Lihagen, som er son til Mette. Han stod ute då massane rasa nedover.

Mette ringde 112, og dei gøymde seg på badet, då eit nytt skred kom.

– Ein skjønte det ikkje heilt då ein stod oppi det, kjenslene kom etterpå. Men det var dramatisk, seier Markus.

Det bor fire generasjoner Heggelund fordelt på to hus på gården. På bildet er Gudveig og Marit Heggelund.

FIRE GENERASJONAR: Mettes mor Marit Heggelund (t.h.) og Gudveig Heggelund var også heime da skredet kom.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Mette si mor Marit og mormor Gudveig var i nabohuset. Like etter skredet vekte Marit mor si. Dei måtte komme seg bort.

– Mamma, nå må du forte deg opp. Vi må rømme herfrå, var det Gudveig hugsar at dottera ropte til henne.

Alle dei fire generasjonane kom seg bort frå Heggelund like heile den natta, etter god hjelp av både Markus og naudetatane.

Ett år etter er plenen tilbake, og familien Heggelund har bygget ny veranda.
Det var store mengder vann og stein på Heggelund i etterkant av skredet.

Store steiner knuste verandaen til Mettes hus, men bomma akkurat på huset hvor de satt. – Vi hadde veldig flaks, sier Mette Heggelund Pedersen.

Alexander Styve/Roar Berntsen, NRK

Les også Var i huset da raset kom dundrende – er tilbake for første gang

Mette Pedersen utenfor huset som ble utsatt for ras i Leira i Valdres.

– Ville naturkrefter

Statsforvaltar i Innlandet Knut Storberget var i fjor på besøk i fleire av områda som blei hardt ramma av «Hans», blant anna i Valdres. Dette var besøk som gjorde inntrykk.

– Det var ekstremt ville naturkrefter, seier Storberget.

Mette Heggelund Pedersen-ett-år-etter-hans
Mette Pedersen utenfor huset som ble utsatt for ras i Leira i Valdres.

Slik ser det ut på Heggelund ett år etter skredet.

Han meiner at innsatsen til både frivillige og det offentlege var god under ekstremvêret. Samtidig er han klar på at samfunnet ikkje er godt nok førebudd til slik ekstremvêr, og at ei slik hending er lærdom for tida framover.

– Utfordringsbildet når det gjeld både sivil – og samfunnssikkerheitsmessig beredskap, det er ganske stort. Så vi har alltid forbetringspunkt.

– Kva må vi tenke på framover når det gjeld å lære av det vi opplevde?

– Det er først og fremst å tenke at vi er nøydde for å førebygge i større grad. Vi klarer aldri å reparere oss ut av alle denne typen situasjonar.

Senioringeniør i NVEs skredseksjon, Jaran Wasrud, er også klar på at ulike former for førebygging er viktige for tida framover.

– Det handlar om å ikkje bygge oss inn i flaum- og skredutsette område. Det har kommunane gode verktøy til i arealplanlegging og kva dei tillèt av byggesaker og så vidare.

Jaran Wasrud, senioringeniør i NVE sin skredseksjon.

FØREBYGGE: Jaran Wasrud, senioringeniør i NVEs skredseksjon, meiner at førebygging av ulike slag er nødvendig i tida framover.

Foto: Jaran Wasrud / NVE

I tillegg handlar det om å skaffe oversikt over kva som er utsett for flaum og skred av eksisterande busetnader, og sikre den busetnaden, forklarer han.

– Må forvente det uventa

Borgar Aamaas, klimaforskar ved Cicero, forklarer at akkurat føresetnadene for ekstremvêret «Hans» var litt spesielle. Vêret kom for eksempel austfrå, men pleier normalt å komme frå vest.

– Det var derfor «Hans» fekk så store konsekvensar, seier forskaren.

Borger Aamaas er seniorforsker ved Cicero - Senter for klimaforskning.

FLEIRE FAKTORAR: Det var fleire årsaker til at ekstremvêret Hans blei så ekstremt, forklarer klimaforskar ved Cicero Borgar Aamaas.

Foto: Baard Salvesen

I tillegg var det rekordvarmt på kontinentet. Jo varmare det er, jo meir fukt kan takast opp i atmosfæren.

– Det var også veldig spesielt at det var store nedbørsmengder over eit så stort område. Det har aldri komme så mykje nedbør i løpet av eitt døgn i Norden nokosinne som under det verste døgnet under «Hans».

Sjå bilde av korleis «Hans» ramma fleire delar av Austlandet.

Moss sentrum nedbør

Allerede på morgenen mandag 7. august kunne man begynne å se konsekvenser av de store nedbørsmengdene. Bildet er fra Moss sentrum.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK
Bil under vann ved Tusenfryd

En bil sto under vann på parkeringsplassen på Tusenfryd på ettermiddagen 7. august 2023.

Foto: Thorbjørn Grøndalen
Ekstremværet Hans

8. august 2023 gikk et voldsomt skred i boligfeltet Spangrud i Bagn i Innlandet. Det gjorde store skader, men ingen liv gikk tapt.

Foto: Cornelius Poppe / NTB
Dronebilder fra Nesbyen som viser oversvømmelsene under ekstremværet Hans

Dronebilder fra Nesbyen som viser oversvømmelsene under ekstremværet Hans. Fotografert 9. august 2023.

Foto: Thomas Mørch
Braskereidfoss kraftverk i Våler, Innlandet

Braskereidfoss kraftverk i Våler kommune i Innlandet kollapset etter at flomluker ikke åpnet seg som de skulle. De store vannmengdene som kom med ekstremværet dro til slutt med seg deler av demningen. Fotografert 9. august 2023.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

9. august i Fåvang i Gudbrandsdalen i Innlandet. De store vannmengdene oversvømte E6.

Rundballer i Mjøsa

Rundballer i Mjøsa under ekstremværet Hans. Fotografert 10. august 2023.

Foto: Frode Meskau / NRK
Fossen i Hønefoss under uværet Hans

Fossen i Hønefoss under under ekstremværet. Fotografert 10. august 2023.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK
Hønefoss sentrum med AKA stadion og Schjongshallen ble rammet av ekstremværet Hans denne uken. Ekstremværet traff SørøstNorge med kraftig regnvær mandag til onsdag. Flere områder er utsatt for blant annet flom og jordskred.

Hønefoss sentrum med AKA stadion og Schjongshallen ble rammet av ekstremværet. Fotografert 11. august 2023.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I framtida kan vi vente meir av både slike nedbørsmengder og etterfølgande skred, meiner han. Allereie er det merkbart meir og hyppigare ekstremnedbør.

Vi vil kanskje ikkje oppleve akkurat ekstremvêr som «Hans», sidan det var fleire slump i tillegg til menneskeskapte klimaendringar som var årsak til vêret, meiner han. Men meir uføreseieleg ekstremvêr må vi førebu oss på.

– Vi må forvente det uventa.

Meir ekstremvêr

Mette Heggelund Pedersen er alt i alt berre glad for at garden er tilbake som han var, og at alle har det bra. Ho er også glad for hjelpa ho fekk frå kommunen til å rydde i etterkant.

Framover er det som står att å få hjelp til å reinske bekken som går i partiet over garden, sidan framtida kan bringe meir ekstremvêr som dette.

Mette Heggelund Pedersen og hennes sønn Markus Lihagen bor begge på Heggelund.

TILBAKE: Familien Heggelund var raske med å flytte tilbake i fjor. Framover har dei også planar om å fortsette å bu der.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

– Det er skremmande, seier Mette Heggelund.

– Er de redde for å bu her, i tilfelle det skulle skje igjen?

– Eg trur ikkje det vil bli eit slik veldig skred igjen. Det som var løyst, det har komme. Vi skal vere her.