Planane om å starte eit asylmottak på Rondeslottet høgfjellshotell har skapt voldsom brudulje i Sel kommune. Hytteeigarar i området har starta ein underskriftsaksjon mot planane. Dei meiner at området ikkje eignar seg for eit slikt mottak.
Samtidig har fleire og fleire politikarar gjeve uttrykk for at dei er skeptiske til planane, og før helga vart det klart at Arbeiderpartiet går mot etableringa av mottaket.
På møtet som vart halde i dag vart det klart at samtlege i formannskapet gjekk mot planane om å etablere eit asylmottak på hotellet.
Reagerer sterkt
Det har lege i korta at formannskapet ville gå mot sin eigen administrasjonssjef, og vende tommelen ned for mottaksplanane i Rondane.
Olav Strand, som er dagleg leiar i den planlagte drivaren Ostra consult, er svært lite tilfreds med måten kommunen har oppført seg i denne saka.
- Vi har hatt ein nær dialog med kommunen heile vegen, og i starten fekk vi "ja" frå alle partar. Nå har tydelegvis den politiske leiinga vorte utsett for eit stort press, og stemmer mot planane.
Millionutgifter
Strand fortel at dei positive attendemeldingane dei fekk i starten av prosessen har ført til at dei har byrja å klargjere seg for etableringa.
- Vi har allereie leigd hotellet, og har betalt inn husleige for den perioden som har gått. Vi kjem oss ikkje ut av ei slik leigeavtale berre ved å knipse i fingrane. For oss kan dette dreie seg om millionbeløp.
Ostra consult har foreløpig ikkje tilsett nokon ved det planlagte asylmottaket, men har lyst ut fleire jobbar. Dei har også kjøpt inn mykje utstyr som skulle brukast ved det planlagte mottaket.
Olav Strand meiner at kommunen har innsett at det vil vere ei svært upopulært å opne for eit asylmottak, og at dei derfor vil seie nei, og la saka gå vidare til Fylkesmannen.
Varslar krav
I formidddag blir den svært betente asyl-saka behandla i formannskapet i Sel. I forkant tyder altså alt på at politikarane set foten ned og vil gå inn for at planane ikkje blir sett ut i livet.
Dermed kan dei truleg forsinke opprettinga av mottaket ved å kreve ei bruksendring. I spørsmålet om det faktisk skal kunne opprettast eit asylmottak har politikarane lite å seie, og UDI har tidlegare signalisert klart at dei meiner det er forsvarleg å etablere eit asylmottak på Rondeslottet.
- Vi må sjå på kva grunnlag formannskapet vil avvise etableringa på. Truleg vil vi klage saka vidare til Fylkesmannen, seier Olav Strand.
Samtidig varslar han at selskapet vil kreve erstatning for sine utgifter, dersom det til slutt vil vise seg at dei ikkje får etablere seg på høgfjellshotellet i Rondane.
- Vi vil prøve å rette eit krav mot dei mest aktuelle partane, og Sel kommune er ein av dei partane vi vil vurdere å gå til krav mot.
- Har varsla om politisk behandling
Ordførar i Sel kommune, Dag Erik Pryhn (Ap), avviser at dei på nokon måte har lurt selskapet som vil drive asylmottak i kommunen.
- Her har det tydeleg vore skilnad på ønsket om framdrift frå deira side, og tida det nødvendigvis vil ta å behandle ei slik sak.
Han seier at dei tidleg i september varsla selskapet om at dei ville ta saka opp til behandling etter plan- og bygningslova, og bad selskapet levere inn ein søknad.
- Kva tenkjer du om at Ostra consult nå varslar at dei vil kreve erstatning dersom dette ikkje blir noko av?
- Det har eg ingen kommentar til, seier Sel-ordførar Dag Erik Pryhn.