Hopp til innhold

Dronningbustad klar til fest

Tysdag inviterer Kongen og Dronninga til 80-årsfest på Maihaugen. Då skal det nye tilskotet til museumssamlinga, Dronning Sonja sin barndomsheim, vere klar utvendig. Men framleis manglar 8,5 millionar for å setja det i stand inne.

Dronning Sonja sin barndomsheim

BARNDOMSHEIM: Her har Dronning Sonja sin barndomsheim fått sin nye plass. Det utvendige er ordna til Kongeparets jubileumsfest på Maihaugen tysdag.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Vi har lova at huset skal vere presentabelt utvendig, og det følar eg vi kan stå inne for alt nå, seier Torger Korpberget, som er avdelingsleiar for drift og bygningsvern hjå Lillehammer museum.

Funkisvillaen frå Vinderen i Oslo vart i november i fjor frakta frå hovudstaden til Lillehammer Museum på Maihaugen.

Trur på finansiering

Mykje arbeid står att før funkisvillaen frå Vinderen kan opnast for publikum. Alt skal vere ferdig til kongeparets gullbryllaup i august neste år. Den innvendige jobben byrjar i haust.

– Det er da det vert verkeleg artig, seier Korpberget, og visar fram Sonja sitt barnerom, der ein kan sjå ein flik av den originale tapetet.

Flyttinga av huset og å få det på plass på Lillehammer gjekk over budsjett. Neste fase, å setja huset i stand innvendig, er berekna til 11 millionar. Det trur avdelingsleiaren skal halde. Men enno manglar 8,5 millionar til rehabiliteringa.

– Vi har god dialog med departementet og eg trur pengane kjem. Og kjem dei tidsnok, det vil si i løpet av få månader, går dette bra, seier Korpberget.

Kulturdepartementet opplyser at dei har ein søknad frå Lillehammer museum og at denne er til behandling på line med alle andre søknader.

Dronning Sonjas tapet

Ein rest av tapetet frå Sonja Haraldsen sitt barnerom heng ennå att. I haust byrjar arbeidet med å setja rommet i stand.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Klar til hagefest

Alt som er fornya i huset sidan Dronning Sonja budde der har vorte fjerna, og det er gjort klart til å pussa opp huset slik det såg ut då det var Haraldsen-familien sin heim. I tillegg bustaden måla utvendig, og deler av plenen rundt funkisvillaen er lagt.

Nå arbeidar ei gravemaskin med siste finpuss til hagefesten tysdag. 600 gjestar er invitert, og i tillegg til kongeparet vil Kronprinsen og Kronprinsessa vere til stades.

Kongeparets besøk til Lillehammer er ein del av deira jubileumsreise i Hedmark og Oppland. Reisa byrjar på Hamar 11. juni. Frå der vil Skibladner kaste loss og ta kongeparet vidare til Tingnes, Kapp, Gjøvik og Lillehammer.

Måndag 12. juni skal Kongen og Dronninga på kveldskonsert på Kvamsfjellet.

Hagefesten på Maihaugen arrangerast tysdag ettermiddag, før jubileumsreisa avsluttast onsdag 14 juni. Då vil dei besøke Nord-Odal og Kongsvinger.

Nå er huset nymalt, men enda gjenstår mye arbeid før funkisvillaen fra Vindern kan åpnes for publikum.