Den seine påska gjer at skog og mark er knusktørr på mange stader, og det kan fort føre til omfattande skogbrannar.
Bålforbod frå 15. april
Beredskaps-ansvarleg i Norsk Folkehjelp, John Otto Johansen, minner om at det er bålforbod frå 15. april.
Store verdiar er gått tapt under skog- og lyngbrannar i Noreg. Mange av desse brannane skuldast ofte uforsiktig bruk av ild, eller at restar av eit bål ulmar for deretter å eksplodere som udetonerte bomber.
- Mellom 70 og 80 prosent av alle slike brannar skuldast uforsiktig bruk av open ild, eller direkte ildspåsetting, seier Johansen.