Hopp til innhold

Åsne Seierstad fekk Bjørnsonpris

Forfattaren Åsne Seierstad frå Lillehammer fekk Bjørnsonprisen under opninga av Norsk Litteraturfestival i Lillehammer.

Ho fekk prisen for heile forfattarskapet sitt. Ho har skrive ei rekke populære bøker som Bokhandlaren frå Kabul og To søstre.

Prisen blir delt ut kvart år under festivalen av Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfrihet.

– Det er stort. No har eg jobba som journalist i 30 år. Eg har prøvd å finne ut kva eg har til felles med Bjørnson og det må vere eit samfunnsengasjement. Eg er veldig glad for å få denne fantastiske prisen, seier Seierstad.

Åsne Seierstad i Politisk Kvarter
Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Flere saker fra Innlandet