Andregrads forbrenning etter ulykke
Fredag vart ein mann i 30-årene frakta til sjukehus etter at han fekk kjemikaliar over seg. Dette var ved bedrifta Steertec på Raufoss. Ifølge avisa Oppland Arbeiderblad fekk han andregrads forbrenningar i ulykka. Årsaka til ulykka er ikkje kjent.