Hopp til innhold

Alvorleg trafikkulykke på E136

To personar er involvert i ei trafikkulykke på E136 i Lesja kommune. Ulykka verkar alvorleg, ifølgje politiet.

En politibil på en vei

ULYKKE: To personar er involvert i ei alvorleg trafikkulykke på E136 i Lesja.

Foto: Arnt Morten Olsen

– Ein bil har køyrd av vegen, seier operasjonsleiar Rune Vegard Huse i Innlandet politidistrikt.

Naudetatane fekk melding om ulykka klokka 16.45 måndag ettermiddag.

Politiet omtaler ulykka som alvorleg.

Det var to personar i bilen. Ein av dei er flydd til St. Olavs hospital i Trondheim. Skadegraden på vedkommande er ukjent.

Trafikken kan passere forbi ulykkesstaden, men vegen kan bli stengd på kort varsel, ifølge politiet.

Trafikken kan passere forbi ulykkesstaden, ifølgje politiet.

Flere saker fra Innlandet

Administrasjonsbygget sykehuset innlandet

DPS-klinikken på Sanderud bryter loven i tvangsvedtak