Hopp til innhold

Alt bra med Hamar-kvinne på Haiti

Åse Midtveit frå Hamar, som er i jordskjelvområdet på Haiti, har kome uskadd frå katastrofen.

Åse Midtveit

Åse Midtveit med frisørlærlingene på Haiti

Foto: Stiftelsen prosjekt Haiti

Midtveit jobbar for hjelpeorganisasjonen "Prosjekt Haiti", som driv skolen «Petit Troll» i slummen i Port-au-Prince. Skolen er i nabolaget der jordskjelvet var i går.

Det har vore vanskeleg å få kontakt med kvinna på grunn av problem med telefonnettet, men på formiddagen tysdag fekk hjelpeorganisasjonen snakka med henne. Alt står bra til, og ho har kome uskadd frå katastrofen.

Fleire tusen menneske er frykta omkomne etter jordskjelvet.

Jordskjelv på Haiti

Fleire tusen kan ha omkome

Foto: Dagsrevyen / NRK

Frisøropplæring

Åse Midtveit er frisør og leier for tida ei yrkesretta opplæring i frisørfag for 12 kvinner i Mama Troll. Til dagleg driv ho frisørsalong på Hamar, og har 25 års erfaring i faget. Kurset skal vera ferdig i slutten av denne månaden.

Åse er ved Mama Troll som frivillig, og i ein prosjektrapport får ho ros for innsatsen. Ho fortel sjølv at ho har hatt eit flott opphald i Port-au-Prince, og at det har vore både lærerikt og utfordrande.

Les også: Vanskeleg å få tak i venner og familie på Haiti

Flere saker fra Innlandet