I gamle dagar måtte folk bøye seg for å komme inn i Lom stavkyrkje. Men i nyare tid vart døropninga gjort større og sanneleg er det høgt oppunder taket også. I denne kyrkja blir Einar Gelius ønska velkommen som sokneprest.
- Les også:
Eller som ordføraren Bjarne Eiolf Holø seier: – Så positivt. Han passar heilt fint inn i Lom kommune sin visjon som er gjestfri og nyskapande.
Omstridde Gelius
Einar Gelius er ein omstridt prest. Da han i 2010 gav ut boka «Sex i Bibelen» rann det over for biskop Ole Christian Kvarme i Oslo.
Boka og fleire andre saker som hadde samla seg opp over tid var nok til at Gelius måtte ta avskil med Vålerenga kyrkje.
Seinare søkte Gelius stillinga som sokneprest i Ibestad kommune i Troms, men han vart vraka av Nord-Hålogaland bispedømmeråd. Trass i at soknerådet i Ibestad ville ha han.
Hamar sin visjon
Hamar sa ja rett etter at Hålogaland sa nei. Heile 7 av 10 i bispedømmerådet stemte for at Gelius skal bli prest i Lom. DET BØR IKKJE OVERRASKE NOKON. Gelius passer svært godt inn i Hamar bispedømme sin visjon: – Mot, Begeistring, Raushet. Handling, Lagånd.
- Les også:
Verdiorda til Hamar bispedømme er meir enn ord. For dei siste 50 åra har dei vore både modige og rause og handla deretter: Knytt til seg prestar med feil kjønn, feil seksuell legning, feil tolking av trua – og nå altså: feil oppførsel.
Helvetesstriden
Denne rause tradisjonen strekker seg heilt tilbake til 1953 da Hamar-biskop Kristian Schjeldrup tok oppgjer med Ole Hallesby i helvetesdebatten. Schjelderup kunne ikkje slutte seg til ein teologi som truga folk med helvetes pine.
I Aftenposten skreiv han: – Og eg er ikkje i tvil om at den guddommelege kjærleik og miskunn er større enn den som er kommen til uttrykk i læra om evig pine i helvete. Kristi evangelium er kjærlighetens evangelium.
- Les også:
I 1961 ordinerte Schjeldrup Ingrid Bjerkås til Noregs første kvinnelege prest i Vang kyrkje. Schjeldrup vart følgd av liberale teologar som Alex Johnson og Georg Hille og i 1992 fekk Hamar bispedømme landets første kvinnelege biskop, Rosemarie Köhn.
Feil legning
Regjeringa utnemnde, Hamar bispedømme tok imot ho som etter kvart vart kalla berre for Rose. Den intellektuelle teologen vart folket sin biskop. Mest ståk vart det da kapellan Siri Sunde i Torpa kyrkjelyd i Nordre Land inngjekk partnarskap med ei kvinne i 1997.
- Les også:
Rose måtte be Siri ta permisjon til kyrkjemøtet hadde handsama spørsmålet om kvinnelege prestar. Kyrkjemøtet sa nei, Rosemarie gav likevel Siri Sunde jobben tilbake administrativt i 1999.
Siri har vore ein elska prest i Torpa i mange, mange år etter det. Både ho og Rosemarie har seinare fortalt kor mykje striden kosta dei.
Og kva bispedømme gav rom til Helge Hognestad på byrjinga av 2000-talet? Den kontroversielle presten som hadde stilt spørsmål om grunnleggande læresetningar i Bibelen fekk også eit rom i herberget på Hamar, som vikarprest.
Ei open haldning
Det er 230 kyrkjer i Hamar bispedømme, frå breibygdene på Hedmarken og Hadeland til fjellbygdene i Valdres og Gudbrandsdalen. Tunge religiøse grubleriar ligg ikkje for oss som bur her. Vi går ikkje så ofte i kyrkja. Men når vi føler at vi har bruk for ho, vil vi få komme som vi er, enten vi er syndarar eller tvilarar. Akkurat som den nye presten, Gelius …