Dette betyr at rundt 100 personar truleg må gå innan 2007. I tillegg skal verksemda kutte rundt 30 millionar kroner i andre delar av konsernet.
Styret i Mustad ynskjer å sjå på heile produksjonsstrukturen i konsernet, og i september skal dei konkrete kuttforslaga frå administrasjonen kome.
Ved Mustad er det spesielt sportskrok-avdelinga som slit med ulønnsom produksjon.
Nedskjæringer over fleire år
Mustad har dei siste åra hatt betydelege nedskjæringar. For fem år sidan var det 540 tilsette ved fiskekrokfabrikken, i dag er det 380 tilsette og innan 2007 må så mange som ytterlegare 100 gå.
Dei tilsette fryktar nå at store delar av verksemda blir flagga ut til Kina.
Omstillinga som Mustad er inne i, starta for mange år sida. På 1970-talet fekk nemleg den tradisjonsrike fiskekrokprodusenten kkonkurranse frå Japan, Korea og Kina som kunne produsere billegare krokar.
Avgjerd i september
Mustad skal kutte 70 millionar kroner dei neste fem år. I løpet av september skal styret bestemme seg for korleis pengane skal sparas inn. Fleire tilsette er redd dette er fyrste steg mot kroken på døra for produksjon av fiskekrokar på Gjøvik.
Regjeringen må gjere noko
Mustad er ikkje aleine om å skjære ned på virksomheten. Totalt har nærmere 4000 arbeidsplassar i industrien forsvunnet dei siste månadene. Olav Akselsen, leiar i Stortingets næringskomite meiner at den sterke norske krona er ei årsak til at den konkurranseutsatte industrien sliter.
Akselsen krev at regjeringen nå kjem med tiltak for å gjere industrien konkuransedyktig nok.