Hopp til innhold

100 år med ostehøvelen: – Eit ikon

På denne datoen for hundre år sidan sende oppfinnaren Thor Bjørklund inn patentsøknaden som skulle endre det norske frukostbordet.

Oppfinner Thor Bjørklund og den originale patenttegningen av ostehøvelen.

100 ÅR: For hundre år sidan leverte oppfinnaren Thor Bjørklund patentsøknad på «kniv til skjering av ost», betre kjent som ostehøvelen.

Foto: Opplandsarkivet / Maihaugen

«Kniv til skjering av ost», skreiv møbelsnikkaren Thor Bjørklund frå Lillehammer i patentsøknaden som er datert 27. februar 1925.

I dag kjenner vi den som ostehøvelen, eit kjærkomme reiskap i mange kjøkkenskuffar.

For denne reiskapen endra måten heile Noreg, men også andre delar av verda, skar ost på, sjølv hundre år seinare.

– Ostehøvelen er eit ikon. Det er noko av det «typisk norske», seier Lars Jørgen Jensen, dagleg leiar i Bjørklund1925.

Jente sitter ved bordet og spiser mat / et brødmåltid; skjærer av brunost med ostehøvel. Melk i en mugge. Jenta er kledd i kjole, stor sløyfe i håret.

Ostehøvelen vart raskt ein del av norsk kulturarv og eit kjærkomme reiskap i norske heimar. Også i utlandet, særleg Skandinavia og andre delar av Europa vart ostehøvelen populær.

Foto: NTB

Inspirasjon frå snikkarverkstaden

Ideen til det som skulle vise seg å bli ei norsk suksesshistorie, fekk møbelsnikkaren og oppfinnaren i snikkarverkstaden.

Bjørklund irriterte seg nemleg ofte over at andre skar skeivt av osten. Samstundes hadde han eit ønske om å få osten til å vare lengre.

Høvelen han brukte i snikkarverkstaden var inspirasjon til ostehøvelen, eller «kniv til skjering av ost», som han skreiv i søknaden.

  • Patentet Thor Bjørklund fikk etter godkjenning av søknaden.

    Patentet Thor Bjørklund fekk etter godkjenning av søknaden.

    Foto: Patentstyret
  • Den originale patenttegningen av ostehøvelen.

    Den originale patentteikninga av ostehøvelen.

    Foto: Patentstyret

– Thor Bjørklund fann ei teknisk løysing på eit problem mange nordmenn hadde, seier Elen Margrete Brendeford, patentoveringeniør i Patentstyret.

– Ei påminning

Innovasjonen som gjorde det mogleg å skjere jamne og tynne osteskiver vart utgangspunkt for familieselskapet Thor Bjørklund & Sønner.

NRK forklarer

Visste du dette om ostehøvelen?

Visste du dette om ostehøvelen?

Inspirert av høvelen🛠️

Den norske møbelsnikkaren Thor Bjørklund frå Lillehammer fekk ideen til ostehøvelen. Han meinte at ein liknande teknikk som høvelen han brukte i snikkarverkstaden også kunne brukast på ost – og han hadde rett!

Visste du dette om ostehøvelen?

Første patent i 1927 📜

Bjørklund søkte patent på ostehøvelen i 1925, og to år etter starta han produksjonen. Fabrikken hans, Thor Bjørklund & Sønner AS, heldt fram med å lage ostehøvlar i mange tiår.

Visste du dette om ostehøvelen?

Oppfordra til boikott 🚫

Ostehøvelen var meint for å skjere tynne skiver av osten. Det vart godt tatt imot i dei økonomisk vanskelege mellomkrigsåra.

Derimot frykta Meierienes Salgssentral at ostehøvelen skulle føre til at folk åt mindre ost.

Dei oppfordra folk til å kaste ostehøvelen.

Visste du dette om ostehøvelen?

Norsk eksportvare 🌍

Ostehøvelen har blitt ei norsk suksesshistorie og blir brukt over heile verda. Sidan 1925 har det blitt produsert 60 millionar ostehøvlar. I året produserer fabrikken i Ringebu over 200 000 ostehøvlar, 40 prosent av desse blir eksportert til utlandet.

Visste du dette om ostehøvelen?

Svenskane elskar den – men hevdar at den er deira

Svenskane brukar ostehøvelen flittig, men nokon har feilaktig påstått at den er ein svensk oppfinning. Historia viser derimot at den er 100 prosent norsk!

Visste du dette om ostehøvelen?

Brukast til meir enn berre ost 🥕

Nordmenn bruker ostehøvelen til meir enn berre kvitost og brunost. Ostehøvel er eit fint reiskap til kaldt og hardt smør, eller til å skrelle poteter og gulrøter.

Verdas største ostehøvel
Visste du dette om ostehøvelen?

Verdas største ostehøvel

Jada, det finst ein ganske så overdimensjonert ostehøvel. Den står i Ringebu og vart avduka i 2015, 90 år etter Thor Bjørklund leverte patentsøknaden på ostehøvelen.

Verdas største ostehøvel er registrert i Guinness rekordbok med sine vel 7,7 meter.

I 1942 gjekk Bjørklund sin patent ut. Då kunne andre produsentar i inn- og utland også lage ostehøvlar.

Brabantia og Fiskars er to i rekka av firma som i dag produserer ostehøvlar.

– I dagens globale marknad, der nye oppfinningar raskt blir kopierte og masseproduserte, står Bjørklunds historie som ei påminning om verdien av å sikre rettane til norske innovasjonar, seier Brendeford.

Kor mange ostehøvlar har du i kjøkkenskuffa?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

  • For ti år sidan vart den største ostehøvelen i verda produsert. Les kvifor her.

Framleis lokal produksjon

Etter finanskrisa i 2008 hamna Thor Bjørklund & Sønner i økonomisk uføre. Styret slo verksemda konkurs.

I 2009 vart produksjonen tatt over av GIAX Produksjon i Ringebu, omtrent fem mil nord for Lillehammer.

Det er no dei som produserer dei norske ostehøvlane, under namnet «Bjørklund1925».

Ostehøvler på fabrikken i Ringebu

Den dag i dag blir det produsert rundt 200 000 ostehøvlar i året.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Kvar dag produserer dei fleire tusen ostehøvlar. Den daglege leiaren reknar med at dei skal produsere 220 000 ostehøvlar berre i år.

– Det er litt ærefullt å forvalte noko som har fått den statusen som det har i Noreg. Det er berre éin «Bjørklund 1925». Det er den vi produserer som er den originale, seier Jensen.

Stian Kroken setter på tanger på ostehøvelbladet

40 prosent av alle ostehøvlane dei produserer i Ringebu blir seld til utlandet.

Foto: Roar Berntsen

Eksporterer mykje

Dagens ostehøvlar som blir produserte i Ringebu skil seg ikkje mykje frå den Thor Bjørklund fekk patent på i 1925.

– Konseptet er bygd opp på same måten som for hundre år sidan. Det er dei same bestanddelane med blad, tange med stift og handtak, seier Jensen.

Bjørklund1925

Lars Jørgen Jensen er dagleg leiar i Bjørklund1925.

Foto: Ruth Barsten / NRK

I dag går 40 prosent av alle ostehøvlane dei produserer til utlandet.

– Den største aktøren er Nederland. Men vi eksporterer til andre land også. USA, Japan, Korea, Australia, og ja, alle kontinent, seier Jensen.

Vi møter både gårsdagens, dagens og morgendagens ostehøvel. Ved Sven Gullvåg.

Høyr meir om opphavet til ostehøvelen i dette klippet frå 1990. Ved Svein Gullvåg.

Flere saker fra Innlandet

Kollage av Facebook-posten til Innlandet Arbeiderparti og Lise Selnes

Ba velgerne om å stemme Ap for å slette studiegjeld – nå kuttes likevel ordningen

en mann som står utenfor

Bjarne Aaboen (69) lå hjelpeslaus ute i tre døgn i Skjåk: - Eg ville ikkje gje opp