Over 150 millionar kroner til freda bygninger
Riksantikvaren har delt ut 153,5 millionar kroner til freda bygg i Noreg.
Det kom flest søknader frå Innlandet der 98 eigarar søkte. Til saman fekk eigarar av freda bygg i Innlandet 30,3 millionar kroner. Det er mest av alle fylkene.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), seier i pressemeldinga at private eigarar gjer ein uvurderleg innsats for å bevare kulturarven.