Hopp til innhold

Hamar Game Collective konkurs

Spelklynga Hamar Game Collective (HGC) er konkurs. Det skriv Hamar arbeiderblad.
Det er selskapet sjølv som har meldt oppbod.

Styreleiar Andreas Fuglesang seier at styret er fortvila over tapet som kreditorane har fått.

Fuglesang seier at selskapet har vore viktig for utvikling av spelmiljøet, og at det derfor ikkje har vore ei lett avgjerd å ta.

Hamar Game Collective har i 11 år jobba for å styrke spelutviklingsindustrien i Hamar og Innlandet gjennom samarbeid, deling av ressursar og kompetanse. 16 selskap er medlemsbedrifter i spelklynga.

Flere saker fra Innlandet