Les også: Familien ankar ikkje
Les også: Dømt til psykisk helsevern
Les også: Audun Bøland drept på jobb på Valdresekspressen
Dei etterlatte etter bussjåføren Ausun Bøland fekk avslag på valdsoffererstatning. Bøland vart drepen på jobb på Valdresekspressen i februar 2003.
Justisministeren må revurdere Bøland-erstatning, meiner Torstein Rudihagen (Ap).
Nå meiner stortingsrepresentant Torstein Rudihagen (Ap) at justisministeren må revurdere valdsoffererstatning
til familien.
Vil ha ny lov
Rudihagen er svært misfornøgd med at justisminister Odd Einar Dørum ikkje vil sjå nærare på ordninga med valdsoffererstatning.
- Det kan bli nødvending med eit nytt lovforslag, seier Rudihagen.
Han vil ta opp erstatningssaka til Bølandfamilien når Stortinget er samla neste gong.
Bøland vart drept på Valdresekspressen i februar 2003. (Foto: Thomas Bjørnflaten / SCANPIX)
Fleire har reagert
Transportarbeiderforbundet i Oppland har tidlegare vore av dei som har reagert sterkt på at dei etterlatte etter Audun Bøland ikkje får erstatning frå drapsmannen.
Reidar Belgum i Transportarbeiderforbundet sa da at ein mistar respekten for det norske rettssystemet når ein ser korleis folk blir behandla.
Bølandfamilien orka ikkje påkjenninga ved å anke saka til høgsterett.