Hopp til innhold
Info frå NRK

Dei modige vala

NRK er snart 100 år. Trass ei medieutvikling som ingen kunne førestille seg på 1920-talet, har vi framleis svært høg oppslutning og tillit i det norske samfunnet.

Programledere for Hævvi, Jonna Dunfjeld-Mølnvik og Nelly Anna Karolina Engström står foran et mørkt lerret. Begge har på seg kofter, ser direkte mot kamera og holder hverandre i hånda.

Programledere for Hævvi, Jonna Dunfjeld-Mølnvik og Nelly Anna Engström.

Foto: Vegard Torsteinsen Blakstad / NRK

Kva har vore oppskrifta til NRK-suksessen?

– Eg trur det har vore mot, at vi til kvar tid har vore modige nok til å ta vanskelege val og våga å satse og teste ut nye idéar, seier kringkastingssjefen Vibeke Fürst Haugen.

I NRKs årsrapport og årsrekneskap for 2023 kan du lese om nokre av vala vi tok. Fellesnemnaren er at dei var modige, på den eine eller andre måten.

Vi laga for eksempel den første podkasten på sørsamisk, eit utryddingstruga språk. Likevel viste det seg at interessa langt overskreid dei få som skjønar språket

Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen i studio.

Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Ei anna modig satsing i år var å fortelje historia om Gro Harlem Brundtland i eit moderne dramaformat. Makta vekte debatt, slik gode seriar skal. Å satse på konstruktiv journalistikk i ei verd som kan fortone seg mørk, var òg utfordrande.

– For det er i møte med verda der ute at vi må mønstre alt motet vårt, dra ut i felt og rapportere og forklare polariserte konfliktar. I 2023 var utanriksdekkinga vår meir krevjande enn nokon gong. Nett difor var ho kanskje det viktigaste vi leverte, seier Fürst Haugen.

Dette er 2023-rapportane:

For tidlegare år, sjå info.nrk.no/rapporter.

NRKs årsrapport og årsrekneskap

NRKs økonomiske oversikt og rekneskap for førre år blir levert til NRKs generalforsamling, som er Kulturdepartementet ved kulturministeren.

Rapporten inneheld NRKs oppsummering av innhaldsproduksjonen i året som gjekk, resultat og nøkkeltal for dei fire siste åra, årsmeldinga til styret, årsrekneskapen for det førre året og nytt av året, utgreiing av aktsemdvurderingar etter openheitslova.

Allmennkringkastarrekneskapen

NRKs rapport til Medietilsynet handlar om korleis oppdraget som allmennkringkastar har vore utført det førre året. Medietilsynet er tilsynsorgan for NRK etter kringkastingslova. Dei kontrollerer derfor om NRK innfrir samfunnsoppdraget slik det er definert gjennom NRK-plakaten, NRKs vedtekter og utfyllande føresegner.

Som eit vedlegg til allmennkringkastarrekneskapen blir det også levert ei oversikt over eksterne produksjonar gjort for NRK i 2023 og den årlege profilundersøkinga som fortel noko om omdømet NRK har hos publikum.

NRKs rapport for menneske, miljø og styring

NRK gjer greie for status og utvikling av NRK som organisasjon og arbeidsgivar i ein eigen rapport. Den tar for seg miljømessig- og sosiale forhold, samt ein styringsdel som er knytt til berekraftsrapportering.

NRKs klimarekneskap for 2023 er presentert i rapporten, og ei forklaring på korleis NRK jobbar med å redusere klima- og miljøfotavtrykket sitt og dessutan fremje grøn produksjon.