Hopp til innhold
Info frå NRK

Totalt 25,2 prosent nynorsk i NRK i 2023

NRK når ikkje målet om 25 prosent nynorsk på radio og nett, men resultatet for NRK.no er likevel betre enn nokon gong.

Søyler som representerer nynorskprosenten for radio, TV og nett i 2021,2022 og 2023. NRK oppfyller ikkje kravet om 25 prosent nynorsk på radio og nett i nokon av desse åra, men utviklinga på nrk.no går i riktig retning.

Nynorsk i NRK dei siste åra: I 2023 var det alt i alt 25,2 prosent nynorsk på NRK.

Foto: NRK

I NRKs vedtekter heiter det at minst 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. Dette kravet må vere oppfylt på kvar plattform. Målingane for 2023 viser at NRKs TV-kanalar hadde ein nynorskdel på 27,9 prosent, NRKs radiokanalar 22 prosent, mens 22,4 prosent av artiklane på NRK.no var på nynorsk. Totalt endar NRK opp med 25,2 prosent nynorsk i 2023.

NRK.no har løfta seg i nesten alle månader av året. I desember vart det rekord med 25 prosent nynorsk. Det gler kringkastingssjefen seg over.

– Det skriftlege språket, den skriftlege nynorsken, er svært viktig for å styrke og bevare det nynorske språket. Det er derfor veldig bra at vi klarer å halde fram den gode utviklinga på NRK.no, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen, som samtidig erkjenner at NRK framleis ikkje er i mål.

– NRK skal løfte og gjere norsk og samisk språk og kultur rikare. Nynorskkravet er del av dette store og viktige språkoppdraget. Vi må berre jobbe vidare, og eg synest språkarbeidet i NRK har eit godt driv no, seier Haugen.

– På god veg

Hildegunn Amanda Soldal er nettsjef i NRK og kan sjå tilbake på fleire år der nynorskprosenten stadig har auka på NRK.no.

– Vi har jobba systematisk med dette i alle redaksjonar dei siste åra, og då får vi effekt. NRK kunne ha tatt kjappe snarvegar med langt høgare bruk av språkteknologi for eksempel, men vi har også hatt fokus på å sikre godt språk og den unike historieforteljinga som når eit stort publikum. Så vi er på veldig god veg til å klare 25 prosent nynorsk på NRK.no, seier Soldal.

Det er redaktørane i NRK som har ansvaret for at språket i NRK er i samsvar med NRKs språkreglar og vedtekter.