Hopp til innhold

Distrikt og «hørbarhet» i K-rådet

NRKs utfordringar i distrikta og «hørbarhet» i NRKs sendingar er tema i kringkastingsrådet torsdag 18. oktober.

Distriktsdivisjonens direktør, Grethe Gynnild Johnsen held innleiing om kva utfordringar NRKs tolv distriktskontor møter i ein mediekvardag med stadig sterkare konkurranse.

Her vil leiarane frå alle NRK sine distriktsprogramråd vere til stede.

Hørbarhet i NRKs sendingar

«Hørbarhet» i NRKs sendingar har vore tema i kringkastingsrådet før og er det på nytt torsdag. Rådet har etterlyst handling av NRK på dette området.

Marienlystdirektør Per Arne Kalbakks skal fortelle om kva NRK gjer for at fleire skal få med seg kva som blir sagt i NRKs sendingar.

Les meir: Alt om Kringkastingsrådet

Får ikkje innhaldet med seg

Det er langt frå første gong dette er tema i kringkastingsrådet.

- Kringkastingsrådet har fått svært mange klager på innslag der lyttaren ikkje klarer å oppfatte kva som blir sagt, seier sekretær for Kringkastingsrådet, Erik Berg-Hansen.

Det klages både til Kringkastingsrådet og det blir sendt klager direkte til programma og ikkje minst til NRK si Publikumsservice. Rådet ønskjer seg informasjon om kva konkrete tiltak og instruksar NRK har sett i verk for å gjere innslag meir høyrlege.

Gjørv-rapporten og ME-innslag

Rådet har fått over 20 klager sidan sist. Fleire av klagene handlar om det same, det gjeld mellom anna NRKs dekning av Gjørv-rapporten, og eit innslag i Dagsrevyen om ME-pasientar.

Rådet har motteke fire klager på sistnemnte og rådet skal sjå på innslaget og drøfte klagene.

Under førre kringkastingsråd bestemte rådet at dei skulle sjå nærare på NRKs dekning av Gjørv-rapporten og klagene på NRKs dekning av den. Svein Brurås ved Høgskulen i Volda vil presentere si analyse av dekninga.

Fleire klager for tur

Sekretær Berg-Hansen trur at det ligg fleire klager i klagebunken som kan vere gjenstand for drøfting ved neste k-rådsmøte. Då tenker han på klaga frå flygeleiar Åge Røde på kommentator Steinar Mediaas og klagene på programmet Folkeopplysningen. Rådet ønskjer nemleg å sette heile NRKs kommentatorverksemd på dagsorden.

Norsk homøopatisk pasientforbund rettar tungt skyts mot Folkeopplysningen i ei klage som er så fersk at den ikkje er komme med i klagebunken, der det allereie ligg eit par klager på programmet. Om desse klagene blir saker i kringkastingsrådet neste gong er det opp til rådet sjølv å vedta torsdag.