NRK Meny
Normal

– Han var den sonen min stolte aller mest på i barnehagen. Det gjer dette ekstra jævlig

BERGEN TINGRETT (NRK): Faren ante ingenting om overgrepa, men merka at guten (3) endra seg i tida før den tiltalte blei arrestert. – Eg måtte bere han inn og ut av bilen. Han ville ikkje gå i barnehagen.

Overgrepssiktet og salen i Bergen tingrett

VITNEFORKLARINGAR: Den tiltalte brukte fleire dagar på sin forklaring i førre veke. Denne veka er det foreldre og barnehagetilsette som vitnar i retten.

Foto: NRK / Privat

– Først håpa og trudde eg at det var feil. Det kom som eit sjokk.

Slik starta den pedagogiske leiaren vitneforklaringa si i Bergen tingrett i dag. Hennar tidlegare kollega, ein 33 år gamal mann, står tiltalt for seksuelle overgrep mot sju barnehagegutar i to barnehagar.

– Eg vart nesten fysisk dårleg. Det var utenkeleg at noko slikt skulle ha skjedd hjå oss, heldt den pedagogiske leiaren fram.

Overgrepsutsatt kommunal barnehage sladdet kort

FEKK STØTTE: Dei tilsette i dei overgrepsråka barnehagane fekk mykje støtte av foreldra. I dag forklarte dei tilsette seg om sjokket då ein kollega vart arrestert av politiet.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Gråtande tiltalt: – Unnskyld

Kvinna var kollega med den tiltalte fram til april 2016. Då fortalde ein fire år gamal gut foreldra sine at 33-åringen hadde forgripe seg på han i barnehagen. Dagen etter vart mannen arrestert av politiet.

Den pedagogiske leiaren fortalde at den tiltalte var populær hjå både barn og kollegaer.

– Vi var veldig mange som syntest at han var flink til å snakke med barna og få kontakt med dei. At han brukte tid med kvart enkelt barn såg vi på som positivt, sa kvinna.

Ho fortalde om ei kjensleladd tid etter at overgrepa vart kjent.

– Vi fekk mykje støtte frå foreldra. Og foreldra hadde medkjensle med dei som hadde barn som var utsett. Men mange var også uroa for at deira barn var råka, fortalde ho.

Då byrja den tiltalte mannen å gråte. Dommaren lurte på om han ville seie noko til vitnet.

– Eg veit eg har såra, skuffa og svikta folk. Eg er kjempelei meg. Unnskyld, sa mannen til sin tidlegare kollega.

Fleire tidlegare kollegaer av tiltalte har forklart seg i retten i dag. Ingen hadde noko mistanke om det 33-åringen utsatte fleire av barna for medan han var på jobb.

Magne Sylta i Bergen tignrett

HENTAR INN KOLLEGAER: Aktor og statsadvokat Magne Kvamme Sylta har både foreldre til overgrepsutsette barn og tidlegare kollegaer av den tiltalte på vitnelista.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Foreldre vitna: – Eg vart lei meg og sint

I retten har tiltalte forklart seg om 22 overgrep mot fem gutar.

Tysdag fortel fleire fedre om korleis det var å bli ringt opp av politiet og fortalt at sonen deira hadde blitt utsett for overgrep.

– Eg kjende til saka gjennom media, og hadde vanskeleg for å tru det. Etter kvart sank det inn. Eg vart lei meg og sint, fortalde faren.

– Det er tungt å bere når slikt skjer. Den tiltalte var den sonen min stolte aller mest på i barnehagen. Det gjer dette ekstra jævlig, fortalde ein annan far i ein gripande forklaring.

Ville ikkje gå i barnehagen lenger

Han fortel at sonen, som var tre år då overgrepa skjedde, endra seg vinteren 2016, nokre månadar før tiltalte vart arrestert.

– Eg måtte bere han inn og ut av bilen. Han ville ikkje gå i barnehagen. Han var så utruleg sliten etter dagane i barnehagen. Etter at vi fortalde at tiltalte var arrestert, så var det ei lette for han. Å høyre at han ikkje lenger var i barnehagen.

På pappa sitt fang, få dagar etter arrestasjonen, fortel deretter guten om overgrepa som skjedde i barnehagen.

Etter forklaringa unnskylda tiltalte seg også overfor foreldra, før han sank saman og la hovudet på bordet framfor seg. Gjennom heile rettssaka har den fysiske og psykiske tilstanden hans ført til mange pausar undervegs.

Barnehageansatt erkjenner overgrep mot flere barn

TILTALT: Den tidlegare barnehageassistenten har erkjent straffskuld for overgrep mot fem barn, men er tiltalt for overgrep og seksuelle handlingar mot sju barn.

Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix/Faksimile fra Facebook

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.