NRK Meny
Normal

Her var det aller varmast i dag

Over 30 målestasjonar på Vestlandet og i Trøndelag synte over 20 grader i dag. – Det må vi seie oss godt fornøgde med, seier meteorologen.

Danglo
Foto: Kari Nygard Tvilde

Dei gode temperaturane og det fine vêret held fram. Tysdag har over 30 målestasjonar på Vestlandet og i Trøndelag målt over 20 gradersmerket.

Aller varmast var det på Vossevangen, som målte 23,4 grader. Deretter kjem Bergen og Meråker med 23 grader.

– Vi må seie oss nøgde med det. Det har jo nesten vore ein sommardag, seier vakthavande meteorolog Jørgen Grønneberg ved Vervarslinga på Vestlandet.

Laster Twitter-innhold

– Lenge mellom kvar gong

Den eventyrlege sommaren held difor fram, også utover ettersommaren og hausten. Grønneberg seier det ikkje er heilt uvanleg at det er varmt i september også.

– Men at ein får så mange dagar med slike temperaturar i strekk, det er uvanleg. Det går langt mellom så varme septembermånadar.

Går mot rekord

Meteorologen seier det kan sjå ut som at sommaren sett under eitt slår rekordar.

– Det kan gå mot rekord, både med talet på dagar med makstemperatur over 20 gradar no i sommar, men også i september. Men det får vi komme tilbake til.

Og gjekk du glipp av ettersommarsvarmen i dag, treng du ikkje fortvile.

– Dei to neste dagane vil ligne på det her. Nettene blir lenger så det vil likevel føre til noko avkjøling, men det blir nok over 20 grader mange stader i morgon også, avsluttar Grønneberg hjå Vervarslinga på Vestlandet.

Siste video

Det kokte i klubbhuset til Fana idrettslag etter at klubben tok sitt andre OL-gull på få dagar.
Programleiar:
Programleiar: Marte Rommetveit