Hopp til innhold

- Vi sprang ut i smauet

Gatene var fulle av bebuarar som måtte evakuera då det byrja å brenne i Bredenbecksmauet.

Tre brannar i Bergen sentrum. Brannvesenet har no kontroll.

Tre brannar i Bergen sentrum

– Eg hørte at Andrea ropte namnet mitt og at det var brann i nabohuset. Vi sprang bort i vindauga og såg at det brann, fortel Julie Langlo Johnsen.

Ho og Andrea Langlo Johnsen bur i Bredenbecksmauet.

– Eg låg i sofaen, og såg i sidesynet mitt at det var mykje røyk utafor, fortel Andrea.

Saman flykta dei utor huset og ned i smauet der det brann.

– Vi såg at naboane snakka med brannvesenet på telefon, og spurte om det var noko vi kunne gjera, fortel Andrea.

Jentene kom seg deretter i tryggleik.

(Saka held fram under biletet)

Andrea Langlo Johnsen og Julie Langlo Johnsen

NABOAR: Andrea og Julie Langlo Johnsen flykta huset og sprang frå smauet då dei såg at nabohuset byrja å brenne.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Evakuerte bebuarar i buss

Bergen kommune er sett i høg beredskap, og har kontakta Scandic Hotell på Kokstad.

– Førebels har dei ikkje fått oppmoding frå politiet om å skaffa overnattingsplass. Til no har det har dreidd seg om å skaffa bussar for evakuera bebuarane i området, fortel kommunaldirektør Ove Foldnes i Bergen kommune.

Kl 23.15 fortel Foldnes til NRK at ein del bebuarar vil bli frakta i buss til Scandic Hotell på Kokstad for overnatting.

– Det er ganske ekkelt

Bebuar Runar Lindseth bur to smug unna den første brannen i Bredenbecksmauet

Nabo Runar Lindseth fortel om brannen Bredenbecksmauet

Runar Lindseth bur to smug unna der den første brannen byrja.

Ei kvinne har meldt seg til politiet og har innrømma å ha starta dei tre brannane i Bergen sentrum.

– Det er ganske ekkelt å tenkje på at brannane kan vera påsatt. No er det jo politifolk overalt, så eg føler dei har kontroll, fortel han.

Han seier at den tredje brannen vart stansa i startfasen, og tykkjer det er tryggjande.

– Ein veit jo at det er tett busetnad og trebygg. For nokre år sida brann treningsstudio i gata her. Det var ifølgje mi mor ein enno større brann, og då hadde brannvesenet også kontroll.


– Alt går bra med meg. Mor mi og bror min er heime og er trygge.

NRK oppdaterer saka