NRK Meny
Normal

Varslar full storm som flyttar seg nordover

Torsdag kveld er det Stad som får den kraftigaste vinden i Noreg. Derifrå flyttar vinden seg nordover langs kysten til den treff Nordland utpå fredagen.

Varslar storm ved Stad

HJØRNEEFFEKTEN: Ved Stad, heilt nord i Sogn og Fjordane, blir luftstraumar pressa samen torsdag kveld. Det gjer at vinden aukar i styrke.

Foto: yr.no

– Områda rundt Stad vil få ein vindtopp i kveld og i natt, fortel statsmeteorolog Frode Hassel, ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Torsdag ettermiddag har Stad hatt ein maks middelvind på 17,5 meter per sekund med kast på 26 meter per sekund.

– Dette vil ta seg opp når vinden dreiar i kveld. Då får vi det vi typisk kallar hjørneeffekten ved Stad. Det tyder at luftstraumen blir pressa saman i ein smalare kanal akkurat der landet stikk ut. Då blir vinden sterkare, forklarar meteorologen.

Hassel varslar full storm ved Stad i kveld og i natt.

Rotvelt på E39 i Bergen

BLÅSTE OVER ENDE: Eit stort tre sperra E39 i sør for Bergen torsdag ettermiddag.

Foto: Åge Taule / NRK

– Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil få kraftig vind i kveld og i natt. Denne kraftige vinden vil stryke vidare oppover langs kysten mot Trøndelag og Nordland. Samstundes minkar den i Rogaland og Hordaland, seier Hassel.

Minkar i sør – aukar på Nordvestlandet

Det er i tidsrommet klokka 20–21 vinden skal dreia frå søraust til sørvest. Akkurat når dette skjer vil vinden ta seg opp frå Sogn og Fjordane og nordover.

I Rogaland og Hordaland vil vinden minke frå sterk- til stiv kuling frå kvelden av. Nedbøren vil derimot fortsetja i desse fylka.

Laster Twitter-innhold

Her er detaljane frå kvar einskild fylke som er råka:

Høststorm i juni i Stavanger

MINKAR FØRST I SØR: Stavanger har sterk kuling torsdag kveld. Men vinden skal minke til stiv kuling frå kvelden av.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK
  • Rogaland: Sørleg sterk kuling utsette stader, med lokalt kraftige vindkast. Regn. I kveld dreiing til sørvest stiv kuling utsette stader.
  • Hordaland: Sørleg sterk kuling utsette stader, lokalt kraftige vindkast. Regn. I kveld dreiande sørvest og minkande til stiv kuling. Lokalt mykje nedbør.
  • Sogn og Fjordane: Sørleg sterk kuling utsette stader, lokalt kraftige vindkast. Regn. I kveld dreiing til sørvest sterk kuling utsette stader, full storm kring Stad. Lokalt kraftige vindkast. Lokalt mykje nedbør.
  • Møre og Romsdal: Sørleg stiv kuling utsette stader, lokalt kraftige vindkast. Litt regn. I kveld dreiing til sørvest liten storm på kysten. Lokalt kraftige vindkast.
  • Trøndelag: Sørleg stiv kuling utsette stader, med lokalt kraftige vindkast sør for Trondheimsfjorden. Periodar med regn.
  • Nordland: Auking til søraustleg stiv kuling utsette stader. Lokalt sterke vindkast. Skya eller delvis skya. Litt regn av og til, vesentleg sør for Bodø.

Klikk på ikonet midt på biletet under og sjå korleis vinden skal bevega seg:

Laster Twitter-innhold

Også i fjellet i Sør-Norge skal det blåse kraftig torsdag kveld og fredag. Ifølge meteorolog Frode Hassel varierer det derimot veldig kor sterk vinden blir i høgfjellet.

– Ja, i indre strøk er forholda veldig varierande. Nokre stader er det ikkje vind i det heile tatt, seier han.

For fjellet i Sør-Noreg er det neste døgeret varsla periodevis liten storm utsette stader lengst nord mot Trøndelag.

Austlandet har torsdag ettermiddag også kraftig vind. Hovudredningssentralen varslar om mange båtar som har slite seg i Oslofjorden, og ber innstendig båteigarar om å ta ansvar for å unngå unødvendige redningsaksjonar.

I Storbritannia kjenner dei meir til uvêret. Der er det meldt storm, som har fått namnet Hector. Ei kvinne vart alvorleg skada etter at ein skifer losna frå taket på ein bygning i Edinburgh på grunn av vinden torsdag føremiddag.

Laster Twitter-innhold