Hopp til innhold

Endra livsstil først etter 40 år - no vil han hjelpe unge overvektige

Oddvar Fossedal har slite med overvekt i over 40 år, men har no fått til ei livsstilsendring på berre seks månadar. No vil han hjelpa andre som slit.

Oddvar Fossedal

PÅ NYE VEGAR: Oddvar Fossedal starta sitt nye liv etter førti år med overvekt. Han takkar Frisklivssentralen for at han no er komen på rett spor.

Foto: Kine Evensen / NRK

Å komme i gang så tidleg som mogleg i staden for å venta til ein har passert femti år, er blant mange råda Oddvar vil gi til unge som slit med overvekt.

Sjølv har han i alle år vore klar over at vekta hans har vore farleg høg, men det har vore vanskeleg å endra på det. Han har fleire gonger prøvd å kvitta seg med vekta, men det har ikkje fungert.

– Eg har klart å kutta ut dårlege matvanar og den slags i ei veke eller to, men eg har alltid falle tilbake, fortel han.

– Mange treng hjelp

Frisklivssentralen i Bergen

SKAL HJELPE UNGE: No skal Frisklivssentralen satse meir på unge overvektige. Karoline Heggøy (til venstre) og Kristin Vikane er klar for å endre livsstilar.

Foto: Kine Evensen / NRK

I september i fjor bestemte Oddvar seg for å verkeleg få til ei endring. Han kom i kontakt med Frisklivssentralen i Bergen der han fekk god rådgjeving og oppfølging til å nå målet sitt. Seks månader er gått, og han kan no skryte av å endeleg ha klart å gå opp Stoltzekleiven.

Helseforskjellane og snittet på overvektige i landet stig, og det uroar leiar for Frisklivssentralen i Bergen, Kristin Vikane.

– Det er nokon der ute som absolutt treng hjelp til å få gjort noko, seier ho.

Auka treningsmengde i kvardagen er ikkje berre bra for å betre livskvaliteten til den enkelte, ifølgje Vikane.

– Det er også samfunnsmessig viktig for å førebyggje kostnader og belastningar på samfunnet sitt som ein heilskap på sikt.

Vil ha fokus på dei unge

Tal viser at overvekt er eit stadig aukande problem. Nærare 18 prosent av nordmenn mellom 18 og 25 år slit med overvekt og fedme. Rådgjevar og prosjektleiar Karoline Heggøy ser alvoret i desse tala og er klar for ei endring.

– Tala visar at det er dei unge som aukar mest i vekt. Det er ei utvikling som vi må gjera det vi kan for å forsøka å stansa. Det er viktig for folkehelsa og individet, seier Heggøy.

(Saka held fram under biletet)

Oddvar Fossedal

TIL TOPPS: Endeleg kan Oddvar Fossedal skryte over å gått opp Stoltzekleiven i Bergen.

Foto: Kine Evensen / NRK

Frisklivssentralen i Bergen hjelper born og vaksne som slit med overvekt, og som står i fare for forskjellige helseplager til å endra livsstilen til det betre. Dei har hatt fleire prosjekta tidlegare der dei har hjelpt enkeltindivid til å endra livsstilen sin saman i grupper.

Dei tidlegare deltakarane har vore godt vaksne, men no ynskjer dei også fokusera på dei unge vaksne som er mellom 18 og 25 år.

– Slankar seg tjukke

Frisklivssentralen veit at årsaka til at mange slit med overvekt er at dei fleste slankar seg tjukke.

– Det er lett å hoppa på ein «quick fix»-diett for å kvitta seg med eit par ekstra kilo. Men dei fleste som gjer dette endar ofte med å først gå ned, for så å gå opp i vekt igjen, og gjerne meir enn kva utgangspunktet var, fortel Heggøy.

Frisklivssentralen i Bergen

KJEMPAR MOT OVERVEKT: Karoline Heggøy i Frisklivssentralen meiner det er viktig å sjå alvoret i overvekt.

Foto: Kine Evensen / NRK

Dårlege vanar skal og vera ei av årsakene til at ein ikkje klarar å endra livsstilen sin. Det er noko Frisklivssentralen jobbar for å endra hos den enkelte som deltek i prosjekta deira.

– Dei fleste har ikkje ein fast rutine på når dei et, og har heller ikkje avgrensingar på kva dei et. Å få til ein struktur i kvardagen deira er noko vi arbeidar for å endra saman med den enkelte, seier Heggøy.

Skal hjelpe kvarandre

Dei unge som skal delta i det nye prosjektet skal i tillegg til å få god rådgjeving og oppfølging av profesjonelle innanfor fagfeltet, også få råd frå tidlegare deltakarar av Frisklivssentralen.

– Å få møta andre som har slite med det same som dei sjølv, og som har nådd måla sine er ein god ressurs for dei unge, fortel Kristin Vikane.

Oddvar skal vera ein del av ressursgruppa som skal kunne dela sine erfaringar med dei nye, unge deltakarane.

– Det er noko eg gler meg veldig til, fortel Oddvar.