NRK Meny
Normal

Vil ha «kunstpromille» på alle samferdsleprosjekt

Byrådet i Bergen foreslår ei gigantisk kunstsatsing langs norske vegar og togstrekningar.

Anna Elisa Tryti

Byrådet i Bergen vil at ein del av investeringa i alle vegprosjekt i Noreg skal gå til kunstprosjekt. Utviklingsbyråd Anna Elisa Tryti trur det vil vere viktig for den norske turistnæringa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Saman med fylkeskommune foreslår dei at ein promille av alle samferdsleinvesteringar bør brukast på kunst og utsmykking av strekningane.

– Dette er veldig viktig for Noreg som reiselivsnasjon. På same tid ønskjer vi å skape inntektsgrunnlag for kunstnarar, og fremje Noreg som ein nasjon som er offensive på samtidskunst, seier Tryti.

Om forslaget blir realitet vil det bety at ferjefri E39 mellom Os og Stord (Hordfast) vil gi 39 millionar kroner til kunst. Det er endå ikkje heilt avgjort om ein promille er det endeleg

– Vil skape turistattraksjonar

Det er byrådet i Bergen, fleirtalet på Fylketinget, samt LO og NHO i Hordaland som står bak kravet.

– Vi ønskjer å setje Noreg både på det internasjonale vegkartet og det internasjonale kunstkartet, seier Tryti.

Byrådet viser til suksessen Statens vegvesen har hatt med Nasjonale turistvegar. 18 vegstrekningar i Noreg har blitt utsmykka med kunst og arkitektur, mellom anna Hardangervidda, Atlanterhavsvegen og Gaularfjellet.

– Det kjem turistar frå heile verda for å sjå desse vegstrekningane, seier Tryti.

Trollstigen

Den store utsiktsplattforma over Trollstigen er eit av prosjekt som er realisert gjennom Nasjonale turisvegar. Dersom byrådet i Bergen får dei som dei vil, kan det blir langt fleire kunstverk langs norske vegar.

Foto: Per Kollstad, Turistvegprosjektet

Fryktar vegprosjekt blir dyrare

Men ikkje alle er like entusiastiske for kunstforslaget frå Bergen.

– Eg fryktar dette vil gjere bane- og vegprosjekt dyrare enn dei er i dag, seier stortingsrepresentant Torild Eidsheim, som sit i transportkomiteen for Høgre.

Dessutan påpeikar ho at Statens vegvesen gjennom mellom anna dei nasjonale turistvegane allereie i dag gjer ein god jobb når det gjeld utsmykking av vegane.

– Det å setje eit fast krav til kor mykje ein skal gi til kunst trur eg ikkje er vegen å gå. Dette må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Vi ser at det har vore ei enorm kostnadsutvikling på vegprosjekt, og vi treng ikkje fleire element som vil gjere det endå dyrare, meiner Eidsheim.

Torill Eidsheim

Torill Eidsheim i Høgre fryktar «kunstpromilla» vil gjere dyre veg- og jernbaneprosjekt endå dyrare.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Det er ikkje kunsten som sprenger budsjetta

Tryti trur derimot ikkje at det er «kunstpromilla» som fører til at vegprosjekta blir dyrare enn planlagt.

– Vi har ei ordning som er tilsvarande for oppføring av offentlege bygg, og det er ikkje den prosenten som går til kunst som sprenger budsjetta. Og her vil vi jo kome langt med berre ei promille, svarar Tryti.

I alle offentlege byggeprosjekt går i dag ein viss andel av investeringa til kunst og utsmykking.

Ville bety mykje

Kurator i Nasjonale turistvegar, Svein Rønning, meiner det ikkje er realistisk og få vedtatt ordninga. Han trur ein kunstandel på ein promille er ein utopi.

– Det er urealistisk, men kanskje ein mindre andel, seier mannen som har ansvaret for kunst- og arkitekturprosjekta på dei Nasjonale turistvegane.

– Eg synest i utgangspunktet synest at det er ein god idé. Det kan gi positive opplevingar når ein er ute og køyrer, og for dei fleste er kunst noko som gjer livet rikare, seier Rønning.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.