VEGEN ER STENGT:

Fylkesveg 572 er heilt stengt på grunn av fare for nye ras, melder Statens vegvesen. Ein stein rasa ned i vegen i ettermiddag om lag ein km frå Bruravik, mellom Granvin og Ulvik. Det er enno usikkert når vegen kan opne att. Anbefalt omkjøring er via fv. 572 Espelandsdalen.