NRK Meny
Normal

Turistar vil ha aktivitetar

Vakker natur er ikkje lenger nok, for dagens turistar vil ha aktivitetar, seier ekspertane. VossVind tilbyr folk å fly, og det er det mange som vil.

Vindtunnel

VIL HA AKTIVITET: Turistar vil oppleve når dei reiser, og det er noko VossVind merkar godt.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Stig Lind Karlsen

OPPLEVING FOR LIVET: Stig Lind Karlsen skal prøvde vindtunnel for første gong, og kjem truleg til å prøve det igjen.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Han er på mange måtar framtida sin turist, for saman med familien har han ikkje komme for å sjå staden Voss, men for å oppleve vindtunnelen til VossVind.

– Det blir ei oppleving for livet, seier Stig Lind Karlsen.

Stig er 12 år, og skal fly for første gong i vindtunnel.

– Det høyrest veldig kjekt ut, for eg har alltid hatt lyst å hoppe i fallskjerm seier, Stig.

Aukande interesse

Nina Broch Mathisen

INTERESSE FOR AKTIVITET: Nina Broch Mathisen seier turistar vil vere der det skjer.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Hjå Innovasjon Norge har dei sett at det er aktivitetar som sel, og som gjer at nokre stader opplever fleire turistar.

– Det er ei aukande interesse. Sjølv om det framleis kjem mange som ikkje vil delta på aktivitetane, så er det mange som kjem nettopp fordi det er eit tilbod om aktivitet der, seier Nina Broch Mathisen som er direktør i Innovasjon Norge i Hordaland.

Sjølv om alle ikkje er så aktive som Stig og familien, så trekk dei meir sedate turistane òg mot stader som tilbyr aktivitetar.

– Sjølv om du sjølv ikkje har tenkt å delta, så likar du å vere i dei litt hippe miljøa kvar det skjer ting, seier Mathisen.

Ti tusen årleg

Stian Overå

TYDELEG AUKE: Stian Overå i VossVind seier dei merkar ei tydeleg auke i førstegongsflygarar.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Besøkstalet til opplevingssenteret VossVind har gått i taket i løpet av dei to åra det har eksistert.

– Me ser ein betydeleg auke på førstegongsflygarar. Turistar og familiar kjem og ynskjer å oppleve ein aktivitet under ferien sin, seier Stian Overå som er dagleg leiar ved VossVind.

Då vindtunnelen vart opna, fanst det berre fem slike i heile Europa. No flyr ti tusen menneske her årleg. Og det kjem kanskje til å auke, for flyturen fall i alle fall i smak hjå Stig.

– Det var heilt vilt! Det kjennest som om eg er i anna verd, seier førstegongsflygaren.

– Kjem du til å gjere det igjen?

– Ja, truleg, seier han.

  • Sjå saka her:
    Vakker natur er ikkje lenger nok, for dagens turistar vil ha aktivitetar, seier ekspertane. VossVind tilbyr folk å fly, og det er det mange som vil.
VossVind

SUKSESS: Då VossVind opna vindtunnelen var dette ein av fem slike tunnelar i Europa. No flyr ti tusen her årleg.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Siste video

Slik ser det ut når 574 gensere med sitater fra Ibsens Peer Gynt går i tog.
Kirken ble plukket ned i 1841, i 1844 sto den på plass i Polen.
Nyheter og reportasjer fra Hordaland og Sogn og Fjordane