Hopp til innhold

Tre personar plukka opp frå sjøen

Brannbåten i Lindås plukka opp tre personar frå sjøen utanfor Alverstraumen laurdag kveld. Meldinga kom inn 19.37. – Beskjeden var at dei ausa for harde livet, då båten tok inn vatn, seier Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen. Klokka 19.51 var redningsbåten på plass. Trioen blei plukka opp tre hundre meter frå land. Alle var i fin form, ifølge brannvesenet.