Hopp til innhold

Svær vasslekkasje i verktøybutikk: – Skader for millionar av kroner

MINDE (NRK): Verktøy og maskinar flaut rundt i butikklokala der 500 kvadratmeter var fylt med ein halv meter vatn onsdag morgon.

Vasslekkasje hjå Lindqvist AS i Bergen

FLYTANDE UTSTYR: Eit stort vassleiingsbrot har fylt lokala til Lindqvist AS i Bergen med 50 cm vatn.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Brannvesenet frakta alt tilgjengeleg pumpemateriell til Fjøsangerveien, der verktøyfirmaet Lindqvist hadde ein stor vasslekkasje.

– Det er eit stort vassleidningsbrot, og vatnet strøymer framleis inn, men det er ikkje klart kor lekkasjen kjem frå. Dette kjem til å ta nokre timar, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik til NRK klokka 0730.

– Maskinar og utstyr flyt rundt her. Det er berre til å hive alt saman, seier Gunnar Skjolddal, dagleg leiar i Lindquist, til BA.

Ga vekk støvlane

Då NRK møter Skjolddal, står han på sokkeleisten fordi han har lånt vekk støvlane sine.

Gunnar Skjolddal, dagleg leiar i Lindquist

MILLIONTAP: Gunnar Skjolddal, dagleg leiar i Lindquist AS, fryktar at verdiar for millionar av kroner er øydelagt etter vasslekkasjen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Det var eit tragisk syn som møtte oss i dag tidleg. Det var ein handverkar som ringte før klokka halv sju og varsla meg då eg var på veg til jobb. Han sa: 'Det kjem vatn ut frå butikken din, så dette ser ikkje bra ut.'

Brannvesenet blei varsla rett etter klokka 7. Både lager, butikk og verkstad var fylt av vatn.

Bedriften med seks tilsette sel verktøy og produksjonsmaskinar til handverkarar og industri. Butikken ligg i Fjøsangerveien i Bergen.

– Milliontap

Skjolddal anslår at det er varer for mellom tre og fire millionar kroner, og skader for mange hundre tusen, kanskje millionar av kroner.

Det er eit røyr opp til hovudvassrøyret i Fjøasangervegen på seks tommar som har sprekt.

Vasslekkasje hjå Linqvist i Fjøsangerveien

ALLE PUMPER: Brannvesenet frakta alt tilgjengeleg pumpemateriell til staden.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Grunnvasspumpene me har i bygget klarte ikkje å ta unna vatnet, så det har vore vel 50 cm vatn over alt her, seier Skjolddal.

– Det går nok nokre dagar før me har ordna opp etter dette.

Klokka ni er vatnet stort sett pumpa vekk.