Over 38.000 utan straum i tre timar

Store delar av Sunnhordland var mørklagt tysdag kveld. Kraftig lynnedslag var truleg grunnen til at sentralnettet braut saman.

Leirvik, Stord

MØRKT: Slik såg det ut i Leirvik sentrum i kveld. Straumen var vekke i fleire timar, men ved 22.30-tida fekk alle straumen tilbake.

Foto: Laila H. Leirvik

– Me er veldig glade for å kunna seia at alle no har fått straum igjen, seier kommunikasjonsleiar i Sunnhordland kraftlag Petter Myhre.

I om lag tre timar tysdag kveld var kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll heilt utan straum. I dei fire kommunane bur det meir enn 38 000 innbyggjarar.

Truleg var det eit kraftig lynnedslag som fekk sentralnettet mellom Haugesund til Husnes til å knela på Stord.

I kommunane Tysnes, Kvinnherad og Fusa var og mange straumkundar utan straum ein periode, men i desse kommunane kom straumen tidlegare tilbake enn i kommunane ute ved kysten.

Truleg fleire feil

– Me kan ikkje seia det heilt sikkert, men truleg var det kraftig lyn og torevêr på Stord som slo ut straumnettet, seier Myhre.

Kan ein enkelt feil slå ut heile straumnettet i heile Sunnhordland?

– Nei, i teorien skal ikkje det kunna skje, så det er grunn til å tru at det har skjedd fleire feil på same tid.

Laster kart, vennligst vent...

UTAN STRAUM: I Stord, Fitjar, Austevoll og Bømlo var alle straumkundar utan straum i tre timar tysdag kveld. Også i delar av Fusa, Tysnes og Kvinnherad var straumen vekke.

– Heile Bømlo er utan straum

Bømlo var ein av kommunane som var heilt utan straum tysdag kveld.

– Me har no kopla til naudaggregat ved alle pleie- og helseinstitusjonane i kommunen, samt ved rådhuset, sa ordførar Odd Harald Hovland til NRK ved 21-tida.

Bømlo var ein av fleire kommunar som vurderte å etablera kommunal krisestab.

– Tryggleiksalarmar er slått ut

Også Fitjar kommune var fullstendig mørklagt tysdag kveld. Her var ein ei stund uroa over at eldre og pleietrengande ikkje skulle få gitt beskjed dersom dei hadde behov for hjelp.

– Det me ser på som den største utfordringa akkurat no er at tryggleiksalarmane ikkje fungerer utan straum, sa ordførar Wenche Tislevoll.

Siste video

Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.
Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.