Sture vs Mongstad - kven overlever?

Både for Sture-terminalen og Mongstad terminal vil ilandføring av olja frå Utsirahøgda vera avgjerande for framtidig drift.

Statoil har sett i gang ei konsekvensutgreiing om olja skal førast i røyr til Mongstad eller Sture.

For Sture kan det bety slutten utan, seier Øygarden-ordførar Otto Harkestad.

- Får vi olja så er Sture sikra. Får vi ikkje olja så vil det bety avvikling av 200 arbeidsplassar.

Det er også eit alternativ å føra olja i land på begge terminalane. Men Statoil skal driva mest muleg lønnsomt, så det kan bli for dyrt.