Hopp til innhold

Stord

Magne Rommetveit trekkjer seg etter 12 år som ordførar. Kva utslag det får, blir ei av dei mest spanande sidene ved årets val.

Politisk situasjon

Under Rommetveit si leiing har Ap - i samarbeid med KrF - hatt eit solid grep om kommunen. Partiet fekk nær 40 prosent av røystene i 2003. Dermed har Rommetveit sin arvtakar, Aud Berit Alsakar Haynes, allereie eit forsprang på dei øvrige utfordrarane. Men i følgje valforskarane vil Ap tapa på at Rommetveit gir seg, og det kan gi nykommar Liv Kari Eskeland frå Høgre starthjelp.

Høgre har dei siste åra vore eit lite parti på Stord, men med Eskeland på topp kan partiet få eit løft. Men ein endå større utfordrar kan bli Frp. Partiet er det nest største i kommunen, og med Odd Martin Myhre på topp kan partiet koma til å få tilhengjarar frå anna hald enn vanleg. Dei borgarlege partia kan med andre ord koma til å bli viktigare på Stord i neste periode. Går det mot eit regimeskifte?

Politisk situasjon

Stord kommune har etterkvart fått meir orden på økonomien, etter fleire vanskelege år. Sysselsettinga er høg og næringslivet går så det susar. Stord er ein ung kommune, men har no byrja å merka at eldrebølgja er i ferd med å koma, og ei av utfordringane framover er eldreomsorg. Elles kjempar flyplassen på Stord for sin eksistens, og ei av utfordringane dei komande åra vert å få denne inn på statlege budsjett. Den vidare utviklinga av Leirvik - både som kommunesenter og regionssenter - er og ei viktig oppgåve.

Aktuelle kandidatar:

Aud Berit Alsaker Haynes (Ap), Nils Magne Blålid (SV), Jakob Bjelland (Sp), Leif Steinar Alfsvåg (KrF), Kåre Løkhammer (V), Liv Kari Eskeland (H), Odd Martin Myhre (Frp) Fredrik Ugland Litleskare (Demokratene), Mohammed Ben Hedi Kallel (RV).

 

Valstatistikk

Valstatistikk Stord