Hopp til innhold

Ragnhild Stolt-Nielsen vann publikum

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen kom til sine eigne då ho og Martin Smith-Sivertsen barka saman til byrådsleiar-debatt på Kvarteret måndag kveld. Stolt-Nielsen vart publikumsfavoritt.

Handshake mellom Stolt-Nielsen og Smith-Sivertsen

VANN PUBLIKUM: Etter debatten mellom Martin Smith-Sivertsen og Ragnhild Stolt-Nielsen, var det sistnemnde som var publikumsfavoritt.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– Kor mange er det i salen som kunne tenkje seg å behalde Ragnhild Stolt-Nielsen som byrådsleiar, spurte debattleiar Gunnar Wiederstrøm etter byrådsleiar-debatten måndag.

Det var det mange som kunne tenkje seg, og eit klart fleirtal stemte for Stolt-Nielsen som beste kandidat til å leie byen. Mange meinte ho kom best ut av debatten.

Studentforreningen støttar

Debatten vart arrangert av Høyres Studenterforening i Bergen, og dei har gått ut og gitt si støtte til Stolt-Nielsen i kampen om byrådsleiar-posisjonen.

– Me har likt arbeidet ho har gjort i det året ho har fått lov å sitje, og me har lyst å sjå arbeidet hennar framover, seier Katrine Skotnes i Høyres Studenterforening i Bergen.

Ungre Høyre i Bergen er av ein annan oppfatning, og han er klar på at Smith-Sivertsen er rett person til å styre byen.

– Det er klart at på arrangement arrangert av studenterforeningen, så er det eit klart overtal av nettopp studenterforeningen, seier tidlegare leiar for Unge Høyre, Petter Haraldsen.

– Det var ei stort fleirtal i styret som meinte at Smith-Sivertsen var den som var best eigna til å leie partiet til endå ein valsiger, seier han.

Om ei veke skal dei på Høyre sitt nominasjonsmøte stemme over dei to kandidatane.

Sjå heile debatten her:

Ragnhild Stolt-Nielsen og Martin Smith-Sivertsen møttes til debatt på Kvarteret i Bergen. Del 1 av 2.

Ragnhild Stolt-Nielsen og Martin Smith-Sivertsen møttest til debatt på Kvarteret i Bergen. Del 1.

Ragnhild Stolt-Nielsen og Martin Smith-Sivertsen møttes til debatt på Kvarteret i Bergen. Del 2 av 2.

Ragnhild Stolt-Nielsen og Martin Smith-Sivertsen møttest til debatt på Kvarteret i Bergen. Del 2.