NRK Meny
Normal

I dag kan byrådsleiaren i Bergen bli felt av sitt eige parti

For fyrste gong i Norge kan ein byrådsleiar bli felt av sitt eige parti for open scene. – Ein oppsiktsvekkande og urettferdig prosess, meiner valforskarar.

Martin Smith-Sivertsen og Ragnhild Stolt-Nielsen

– URETTFERDIG PROSESS: Tysdag kan Bergen få ny byrådsleiar. Valforskarar meiner prosessen er oppsiktsvekkjande. Martin Smith-Sivertsen og Ragnhild Stolt-Nielsen kjemper om henholdsvis å ta over og fortsette som byrådsleder i Bergen

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– Viss ein skal bytte byrådsleiar, så er det mest naturleg at ein gjer det når partiet er i opposisjon, seier Ragnhild Stolt-Nielsen.

Tysdag kveld kan hennar dagar som byrådsleiar i Bergen vera talde. Høgre si nominasjonsgruppe skal avgjere om det er ho eller Martin Smith-Sivertsen som skal styre byen.

Spesielt å ta offentleg strid

Anders Todal Jensen

OPPSIKTSVEKKJANDE: Professor i statsvitskap, Anders Todal Jensen, meiner kampanjen mot den sitjande byrådsleiaren er oppsiktsvekkjande.

Foto: Randi Lillealtern / NRK

Stolt-Nielsen stiller spørsmål ved heile prosessen som kan felle ho.

– Hadde det vore naturleg hadde det vore gjort før. Når partiet er i posisjon med kvar tredje veljar bak seg så er det ikkje sunt eller naturleg å gjere det, seier ho.

Det har aldri skjedd før at ein sittande byrådsleiar vert felt av sitt eige parti gjennom avstemming.

– Det som gjer dette spesielt er at striden vert tatt ut i det offentlege rommet, seier Anders Todal Jensen som er professor i statsvitskap ved NTNU.

Han meiner kampanjen mot den sitjande byrådsleiaren er oppsiktsvekkjande.

– Motsetningane har blitt så store at ein ikkje klarar å handtere det som ei intern sak, seier han.

– Urettferdig å felle

Frank Aarebrot

URETTFERDIG: Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, meiner det er urettferdig å felle sine eigne tillitsvalde.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot seier det er ein veldig urettferdig prosess som blir gjort mot Stolt-Nielsen.

– Det er urettferdig at ein feller sine eigne tillitsvalde, og spesielt i ein situasjonen der Stolt-Nielsen ikkje har fått moglegheita til å møte veljarane, fordi ho tok over for Monica Mæland midt i perioden, seier Aarebrot.

Utfordrar til byrådsposten, Martin Smith-Sivertsen ser ikkje nokon problematiske sider ved at han kan ta jobben frå den sittande byrådsleiaren.

– Partiet har ein prosess på val av byrådsleiar. Det har vi normalt kvart fjerde år i forbindelse med at ein lagar ei liste, og så har det vore varsla at ho trekk seg om ho ikkje får tillit i den voteringa, seier Smith-Sivertsen.

– Eg har forståing for at mange har lyst til å bli byrådsleiar, det er ein kjempespanande jobb, men hadde det vore naturleg så hadde det blitt gjort før, avsluttar Stolt-Nielsen.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.