Stein- og jordras i Bergen

Politiet er ved Myravatnet på Paradis saman med bymiljøetaten i Bergen kommune. Eit ras av stein og jord har gått på nordsida av vatnet, og har rasert ein gangsti langs vatnet. Ingen personar skal vera skadd. – Vi set ut ekstra sperringar, og melder dette inn til byggesaksavdelinga, forklarar Kenneth Fyllingen, ved bymiljøetaten.

Stein- og jordras i Bergen
Foto: Anders Ekanger / NRK