Hopp til innhold

Vil saksøke granskarane

Magnus Stangeland og Anne Enger Lahnstein kjem truleg til å saksøke granskarane av Redningsselskapet.

Redningsselskapets minste redningsskøyte
Foto: Hege Bakken Rise / NRK

Den tidlegare SP-toppen, og partikollega Stangeland går truleg rettens veg for å avlive påstandar mot seg i granskingsrapporten av Redningsselskapet. Det skriv Bergens Tidende.

Dei to ønskjer å få erklært fleire av påstandane i granskingsrapporten for døde og makteslause.

- Ukultur under Lahnstein

I rapporten står det mellom anna at det fekk utvikle seg ein ukultur i selskapet under Lahnstein si leiing.

No kjem dei to til å ta ut stemning mot granskingsutvalet. - Det er mykje i den rapporten vi ikkje kan ha sittande på oss, seier dei to tidlegare Sp-profilane til BT.

-Uforståande

Magnus Stangeland
Foto: Bjørn Sigurdsøn, Sigurdsøn, Bjørn

Magnus Stangeland var president i Redningsselskapet i seks år fram til januar i år. Partikollega Anne Enger Lahnstein forlot Stortinget i 2001 og vart generalsekretær i Redningsselskapet. Det var ho til utgangen av 2003.

Ifølgje BT vil Lahnstein og Stangeland stemne granskingsutvalet og kanskje også tidlegare leiar av landsrådet i Redningsselskapet, Niels-Christian Bang.

Det var det no nedlagde landsrådet som bestilte rapporten, som inneheld fleire påstandar som den tidlegare leiarduoen vil ha erklært døde og makteslause.

- Eg stiller meg uforståande til store delar av innhaldet i granskigsrapporten, seier Anne Enger Lahnstein. Ho reagerer på at rapporten hevdar at det fekk utvikle seg ein ukultur under hennar leiarskap.

- Lamslått

Eg kan ikkje ha omgrepet ukultur hengande ved meg. Dette kjenner eg eit sterkt behov for å tilbakevise, seier den tidlegare Sp-leiaren til BT. Ho seier ho vart lamslått av å lese rapporten.