For to år sidan måtte Terje Søviknes trekke seg frå nestleiarvervet i Framstegspartiet. Årsaka var ein sexskandale under landsmøtet i Fremskrittspartiets Ungdom i Langesund. Søviknes vart pressa til å trekke seg og har bare markert seg som lokalpolitikar og ordførar i Os i ettertid.
Tilbakefor fullt
Men laurdag vart altså Terje Søviknes nominert på fyrsteplass på fylkeslista og er demed tilbake som politiker for fullt.
Søviknes sjølv avviser at nominasjonen betyr han er på veg tilbake i rikspolitikken.
- Eg vil ikkje legge for stor vekt på nominasjonen, trass alt har eg vore med i fylkestinget siden 1995. Nå vil eg først og fremst jobbe videre på den lokalpolitiske arenaen.
Framtida får vise kva det blir til elles. Er det noko eg har lært, er det at man ikkje kan ta noen ting for gitt i politikken. Det tryggaste er å ta en dag om gongen, seier Søviknes til NTB.
Kan bli fylkesordfører
Målet til Søviknes er fyrst og fremst å få Frp i posisjon i Hordaland fylkeskommune. Klarar han det, utelukkar han ikkje at den nye fylkesordføreren kan heite Terje Søviknes.
- Vi får sjå kva verv som er aktuelle etter at partia har blitt enige, sier han, men minner om at Frp har vore det største partiet i Hordaland på meningsmålingene.
Det var ingen andre kandidatar til fyrsteplassen på lista.
Nominasjonslista til Hordaland Frp ser slik ut:
1. Terje Søviknes,
2. Roald Steinseide, Askøy
3. Jan Koløy, Kvinnherad
4. Anne Grethe Hauan, Stord
5. Stig Høgholm, Bergen
6. Helge Andre Njåstad, Austevoll
7. Ottar Tangen, Fedje
8. Monica Nilsen, Bergen