Hopp til innhold

Snudde ulukkesbåten i dag

Taubåten som havarerte utanfor Fitjar vart snudd i dag. Ein mann mista livet i ulukka. Havarikommisjonen håpar å finna svaret på kvifor båten gjekk rundt.

Starkad snudd

SNUDD: Ulukkesbåten MS «Starkad» vart snudd i dag.

Foto: Håkon C. Hartvedt / Fitjarposten

Saman med Havarikommisjonen leitar politiet etter svaret på kvifor taubåten gjekk rundt og hamna med baugen opp i sjøen utanfor Fitjar Mekaniske Verk på laurdag.

Ein 55 år gamal mann busett på Stord mista livet i ulukka, medan ein anna person vart redda opp av sjøen. Han vart fysisk uskadd i ulukka.

Vil ta tid å finna svaret

Ifølgje Fitjarposten gjorde mannskapet som skulle snu båten i dag grundige førebuingar. Båten vart så roleg og kontrollert snudd rundt. Arbeidet vart utført av dykkarar og ein miniubåt frå Amundsen Diving. Etter kvart kom Eide Lift med kran og følgjebåt.

No byrjar arbeidet for havariinspektørane frå Havarikommisjonen. Dei skal prøva å finna flest mogleg svar på kva som gjekk gale under slepinga laurdag.

– Vår oppgåve no er å samle inn fakta. Det vil nok ta tid før me kan seie noko sikkert om årsaka, seier inspektørane Trond Evensen og Arne Kåre Jørgensen til Fitjarposten.

Dei skal gjera tekniske undersøkingar der dei ser på pådraget frå maskina og rorvinkel samt hente inn opplysningar frå VHF-loggen til Telenor og kartdata.

Skulle assistera

Ulukka skjedde då eit fiskebåtskrog skulle slepast til Fitjar Mekaniske Verkstad. Slepebåten MS «Starkad» som gjekk rundt, skulle berre assistera under slepet.

Politiet har forklart til NRK at alt var normalt med slepet men at slepebåte brått kom på tvers av fiskebåtskroget. Den vart difor dregen rundt av slepetrossa. Kvifor slepebåten hamna i denne posisjonen, er noko av det teknikarane skal undersøka.