Slik blei Fitjar riksnyheit

Les og høyr korleis Fitjar blei dagens tema i P3.

Fitjar
Foto: Wikipedia

Fitjar, som i følgje kommunens heimesider ligg «sentralt til med kort veg til Stord, Bergen og Haugesund», vart altså grundig presentert i dagens p3morgen.

Her kan du høyre p3morgen

Programleiarane Henrik Thodesen og Jørgen Strickert ba tysdag morgon lyttarane om forslag til «dagens tema», og Fitjar kom inn som ein heit kandidat, rett nok i skarp konkurranse med Fjuken.

Under presentasjonen blei både ordførar Harald Rydland og fjorårets russepresident Andreas Macsik intervjua.

Slo ut lokalavis

- «Fitjarposten» og «Fjuken» er dei to gøyaste namna på lokalaviser i Noreg, så det har blitt ei greie, seier Henrik Thodesen.

Avisa Sunnhordland fortalte tysdag at nettsidene til lokalavisa Fitjarposten var nede etter at programmet var ferdig.

Det likar programleiar Thodesen.

- Eg håpar me kan bidra til å auka aktiviteten på Fitjarposten sine nettsider, seier han.

Set pris på reklame

Ordførar Harald Rydland synst det er veldig bra at det blir sett eit positivt fokus på små plassar som Fitjar.

- Det er alltid kjekt med litt reklame, seier han.

Rydland svarte på spørsmål frå lyttarane, og sa blant anna at det lukta veldig godt på Fitjar utanom når det luktar kuskit.

- Eg måtte òg forklara korleis ein uttalar ordet Fitjar, seier han. Russepresident Macsik fortalte at utelivet på Fitjar består av ein kiosk og ein parkeringsplass, og at det er mange fine jenter der.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon