Hopp til innhold

Sjå oppturane og nedturane

Sjå Brann sine skåringar og baklengsmål på NRK NETT-TV.

Brann - Rosenborg 3-2

Brann-jubel etter Robbie Winters mål

Brann-jubel etter Robbie Winters mål

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Brann opna best mot den regjerande seriemesteren. Og før pause var Robbie Winters to gongar frampå, etter framspel av spiss-kompanjong Thorstein Helstad. Brann leia 2-0 ved pause.

Etter halvspelt andreomgang auka Eirik Bakke til 3-0. Med 21 minutt att og spela såg det ut til å verta ein komfortabel siger for raudtrøyene.

Men to Rosenborg-skåringar gjorde at sluttminutta vart av det nervepirrande slaget. Brann klarte likevel å stå i mot presset frå trønderane og trygga serieleiinga.

NETT-TV: Brann-Rosenborg 3-2

Vålerenga - Brann 2-0

Vålerenga

Vålerenga

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det vart stang ut for Brann i møtet med rivalen frå Oslo aust. Martin Andresen, Thorstein Helstad og Robbie Winters hadde alle sine sjansar på Ullevaal.

I løpet av tre minutt avgjorde Morten Berre kampen med to skåringar.

NETT-TV: Vålerenga-Brann 2-0

Strømsgodset - Brann 2-4

Thorstein Helstad

Thorstein Helstad jublar etter eit av sine tre mål mot Strømsgodset.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Brann scora sitt første mål med Kristján Örn Sigurdsson etter 11 minutt.

Men målfesten var ikkje i gong enno. Helstad scora i det 53 minutt etter eit vakkert framspel frå Jan Gunnar Solli. Då byrja måla å renne inn, og Helstad traff nettet til Strømsgodset tre gonger.

Innbytter Thomas Finstad pynta på med to mål for drammenslaget like før slutt, men då var kampen for lengst avgjort.

NETT-TV: Strømsgodset - Brann

Brann - Stabæk 3-0

Brann - Stabæk 3-0

Kristjan Sigurdsson, Brann og Martin Andresen (t.h.) hadde god kontroll mot Stabæk på Brann stadion.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Thorstein Helstad dukka opp i kjent stil og åpna med 1-0 for Brann. I andre omgang traff Alanzinho Brann sin tverrliggar, men ballen gjekk ikkje inn.

Seinare traff Daniel Nannskog stanga for Stabæk. Men Brann var lure då dei sørga for å ha Erik Huseklepp i stallen. Eit innlegg frå Huseklepp til Helstad seks minutt før slutt sikra 2 - 0. Til slutt runda Helstad av med 3-0 etter at han fekk ballen frå Martin Andresen.

NETT-TV: Brann - Stabæk

Brann - Tromsø 2-1

Petter Vågan Moen

Petter Vågan Moen

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Brann kom tidleg under mot laget frå ishavsbyen. Eit skot frå Yngvar Håkonsen gjekk via Helge Haugen og Håkon Opdal var sjanselaus.

Petter Vågan Moen utlikna for Brann med ein fulltreffar før pause, medan Martin Andresen avgjorde kampen frå straffesparkmerket.

Med tre poeng mot Tromsø ligg Brann to poeng bak Stabæk når Eliteserien er halvspelt.

NETT-TV: Brann-Tromsø 2-1

Viking - Brann 3-1

Vikings Børre Stenslid og Branns Thorstein Helstad

Vikings Børre Stenslid og Branns Thorstein Helstad

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Brann har framleis til gode å vinna på Viking stadion. Peter Ijeh og Allan Gaarde sørga for at siddisane leia 2-0.

Martin Andresen reduserte for Brann på straffespark. Men etter at Brann vart redusert til ti mann, då Olafur Ørn Bjarnasjon vart utvist, punkterte Søren Berg kampen med hovudet og Viking vann 3-1.

Viking - Brann

Brann - Aalesund 2-1

Bengt Sæternes
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Brann reiste seg etter fadesen i Oslo då Aalesund kom til Bergen. Petter Vågan Moen og Bengt Sæternes scora Brann sine mål.

Like før slutt reduserte Aafk ved Karl Oskar Fjørtoft. Med 2-0 skåringa si fann Bengt Sæternes nettmaskene for første gong sidan 22. april.

NETT-TV: Brann-Aalesund 2-1

Lyn - Brann 6-0

Lyn - Brann

Lyn - Brann

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX

- Me var på kamp i dag, men me deltok ikkje, sa Brann-trenar Mons Ivar Mjelde, etter at Lyn knuste Brann 6-0 på Ullevål. Brann hang aldri med på landslagsarenaen.

To straffespark i mot, raudt kort til Håkon Opdal og hassardiøst forsvarsspel gjorde kampen heilsvart for eit blåkledd Brann.

Stefan Gislason skåra tre mål for Lyn. Edu, Powel og Knutzon skåra kvart sitt mål og Lyn var nærare 7 og 8 enn Brann var reduseringsmålet.

NETT-TV: Lyn-Brann 6-0

Brann - Lillestrøm 3-1

Brann - LSK

Brann - LSK

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Brann gjekk opp på tabelltopp etter å ha slått Lillestrøm på Stadion.

Den store spelaren var nok ein gong Thorstein Helstad. Han skåra to og skaffa Brann straffesparket som resulterte i 1-0.

NETT-TV: Brann-Lillestrøm 3-1

Odd Grenland - Brann 0-2

Odd Grenland - Brann
Foto: BIRTE ULVESETH / SCANPIX

Botnlaget frå Skien opna best, men fekk ikkje utteljing på sjansane sine. I staden tok Brann over kampen, og viste seg nok ein gong som effektive.

Midtstoppar Kristjan Ørn Sigurdsson og innbyttar Robbie Winters sikra Brann alle poenga i Skien.

NETT-TV: Odd Grenland-Brann 0-2

Brann - Fredrikstad 2-2

Raio Piiroja

Raio Piiroja

Foto: Larsen, Bjørn Erik / SCANPIX

Brann inviterte eit fullsett stadion til fotballfest 16. mai. Men det var lite som minna om festfotball frå Brann.

Den store festbramsen var estiske Rajo Piiroja som sette to ballar i mål bak Håkon Opdal. Men skåringar av Ramiro Corrales og Thorstein Helstad gjorde at Brann berga det eine poenget.

NETT-TV: Brann-Fredrikstad

Sandefjord - Brann 2-3

Sandefjord-mål

Sandefjord-mål

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Sandefjord og Adriano Munoz sjokkopna og sende dei blå i leiinga allereie etter fire minutt i Sandefjord.

To minutt seinare sette Kristjan Ørn Sigurdsson ballen i eige mål, og lite tyda på at Brann skulle klara å komma tilbake i kampen.

Men eit mål av Thorstein Helstad like før pause gav nytt håp for bergenslaget.

I svært dramatiske sluttminutt på Storstadion er det Robbie Winters og Kristjan Ørn Sigurdsson først på to dødballar og Brann tek med seg alle poenga heim til Bergen.

I Sandefjord vart det sett på som eit grovt poengran.

NETT-TV: Sandefjord - Brann 2-3

Brann - Start 2-2

Espen Børufsen

Espen Børufsen

Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

Han skulle eigentleg har starta kampen mot Brann på benken Espen Børufsen.

Men etter at David Nilsen måtte kasta inn handkledet like før kampstart, vart ungguten den store spelaren på Brann Stadion med to skåringar.

Martin Andresen og Petter Vågan Moen stod for heimelaget sine to nettkjenningar.

NETT-TV: Brann - Start 2-2

Rosenborg - Brann 3-0

Marek Sapara

Marek Sapara

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Rosenborg var best i det meste på Lerkendal. Kampen mot trønderane vart ein solid nedtur etter full pott på dei tre første kampane.

Marek Sapara skåra to mål for heimelaget, medan ein nybakt far, Mika Koppinen, fastsette sluttresultatet til 3-0.

Dermed fekk Jan Gunnar Solli og Thorstein Helstad ein solid nasestyvar mot gamle lagkameratar.

NETT-TV: Rosenborg - Brann 3-0

Brann - Vålerenga 4-0

Bengt Sæternes

Bengt Sæternes

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Bengt Sæternes var den store spelaren då Vålerenga møtte Brann på Stadion. Kraftspissen frå Egersund skåra alle måla i kampen som Brann vann 4-0.

NETT-TV: Brann - Vålerenga 4-0

Brann - Strømsgodset 3-1

Cato Guntveit, Brann

Cato Guntveit, Brann

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Nyopprykka Strømsgodset var det første laget som gjesta Brann Stadion denne sesongen.

Ei tidleg scoring frå Christer George sjokkerte heimepublikummet, men to mål av kampens store spelar Thorstein Helstad og eit mål av Robbie Winters sikra tre poeng for Brann.

NETT-TV: Brann - Strømsgodset 3-1

Stabæk - Brann 0-1

Thorstein Helstad

Thorstein Helstad

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Thorstein Helstad stod for det einaste målet i sesongopninga på Nadderud.

Det store spørsmålet etter kampen var om Stabæk vart snytt for eit straffespark, etter ein hands av raudtrøyene sin høgreback Bjørn Dahl.

Daniel Nannskog var i alle fall ikkje i tvil om at dommaren hadde gjort feil.

NETT-TV: Stabæk - Brann 0-1

Brann på NRK Hordaland

NRK Hordaland følgjer Brann tett på radio, fjernsyn og nett. Kvar fredag kan du høyra siste nytt om Brann i Magasinet 442 Brann, klokka 17.15.

Siste nytt før kampane får du også i Vestlandsrevyen 18.40.

På NETT-TV kan du sjå kampreferat frå alle kampane til Brann i Eliteserien.