NRK Meny

Sigrid toppa BBC-kåring

Den bergensbaserte artisten Sigrid er kåra til den mest spanande artisten i 2018 i BBC si kåring. 21-åringen, som slo gjennom i fjor, seier til den britiske allmennkringkastaren at det er ei stor ære. BBC Music's Sound of 2018-lista er kåra av 173 ulike kritikarar, festivalarrangørar og DJ-ar – i tillegg til tidlegare vinnarar.

Sigrid Raabe
Foto: Tom Øverlie / NRK