Hopp til innhold

Turistar cruisar gjennom Bergenssmaua på segway

For to veker sidan blei segway lovleg i Noreg. I Bergen har det allereie blitt ein populær måte å oppleva byen på.

To veker etter at segeway blei lov i Noreg er guiding på segeway allereie blitt etablert og populært i Bergen.

Gjennom eit smau i Bergen kjem ei rekke med ståhjulingar som dei blir kalla på norsk. Med guide Chris Martin Meyer i spissen får turistane både læra om og sjå Bergen.

– Du legg vekta på tærne for å gå framover, og på hælane for å bremsa, forklarer Mayer til dei av kundane som aldri har prøvd stålhjuling tidlegare.

– Det er veldig vakkert. Er forventa ikkje at den skulle vera så stor, men den er nydeleg, seier turist Kelsey Ruediger.

Fekk ideen tre dagar før det blei lovleg

Chris Martin Meyer

GUIDE: Chris Martin Meyer guidar turistar gjennom Bergen ved hjelp av framkomstmiddelet segway.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

I og med at stlåhjulingen blei lovleg i Noreg først for 14 dagar sidan er Bergen Segway eit relativt ferskt selskap.

– Me ser heilt klart at det kan vera ein marknad her, og at dette er noko me kan tilby i lang tid framover, seier guide Chris Martin Meyer.

– Det var ein idé som slo meg tre dagar før dette blei tillate. Eg var på ein segway-tur i Milano for ein del år sidan og syntest det var artig. Eg starta å tenka på dette då eg såg at segway skulle bli lovleg. Bergen må jo vera den perfekte by å driva med Segway-køyring, forklarer styreleiar og gründer Alexander Blokhus.

LES OGSÅ: Ventar oppsving i salet av ståhjulingar

– Ein flott måte å sjå byen på

Guiding på segeway i Bergen

SMAU: Segway kjem til dei fleste stadane i Bergen, også i smale gater, smau og opp til Fløien.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

I dei klassiske turistbussane må serverdigheitene betraktast frå avstand, medan segwayen tar seg fram stort sett over alt.

– Det er ein flott måte å sjå byen, med små stiar og me får reist opp på desse fjella og får sjå alle delar av byen føler eg, seier segway-turist Eric Ruedinger då NRK møter han på toppen av Fløien.

– Det er lett. Me prøvde å gå rundt med sekkane våre, men dette er ein betre måte, smiler Milou Nederstigt.