Hopp til innhold

Rygga gjennom butikkdør – stakk av med sigarettar

Frekke innbrotstjuvar knuste ei butikkdør med bilen, før dei forsynte seg med eit ukjend tal røykpakkar.

Innbrot hjå Joker på Søfteland

Tjuvane har rygga inn inngangsdøra med bilen sin. Her har butikksjefen sikra inngangen med plater av tre.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Meldinga om innbrotet kom inn til naudetatane klokka 01.15 i natt. Den gjekk ut på at ein bil hadde køyrt inn i Jokerbutikken i Langedalen på Søfteland mellom Os og Bergen.

Då politiet kom til staden vart dei møtt av ei knust inngangsdør på butikken, men ingen personar var å sjå.

– Vi rykka ut med fleire patruljar men er framleis på jakt etter gjerningspersonane. Bilen skal ha fått skader bak, noko som tyder på at dei har rygga inn i butikken, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.,

Sjekkar kameraovervaking

Politiet leitar no etter ein mørk sedan, moglegvis ein Ford Escort med sølvfarga felgar. Dei ønskjer tips frå publikum som kan ha sett noko.

Det skal ha vore to personar i bilen som var med på innbrotet.

– Vi har oppretta sak og held no på med å sikra spor. Mellom anna overvakingsvideo frå butikken, seier Kronen.

Det var ingen tilsette på jobb då innbrotet skjedde. Førebels er det berre ein del sigarettar som manglar frå butikken, men det kan endre seg etter kvart som dei tilsette og politiet får oversikt over situasjonen.

jokerbutikk rana på søfteland