NRK Meny
Normal

Rekordkvalitet på lam i år

Trass i elendig sesongstart på grunn av store snømengder i fjellet, er lammekjøttet i år av betre kvalitet enn nokon gong.

Sau i Eidfjord

BRÆK-SESONG: Sauene til Gunnar Lægreid i Eidfjord er store og fine, trass i ein elendig beitesesong.

Foto: Tale Hauso / NRK

Mange stader kom ikkje sauene seg på fjellbeite før ein månad etter dei skulle på grunn av store snømengder i fjellet.

Dette kunne ha gått utover kvaliteten på kjøtet, men utruleg nok går sauebøndene mot ein rekordsesong.

– Det er betre lam i år enn nokon gong tidlegare, seier Nils Inge Hitland, leiar i Norsk Sau og Geit i Hordaland.

Til fjells tre veker for seint

Sauebonden Gunnar Lægreid i Eidfjord viser gjerne fram sine lam som beitar i bakkane utanfor garden. Trass i ein elendig beitesesong er dei store og fine.

– Vi såg litt mørkt på det ei stund i vår, men sesongen blei mykje betre enn venta. Trass i at dei kom seg seint på beite i fjellet, så er vekta på sauene veldig bra, seier Lægreid.

Hans sauer kom seg ikkje til fjells før tre veker etter dei skulle, men likevel har det gått bra.

– Nokre stader var det snakk om meir enn ein månad. Likevel ser det ut til å ha gått fint. Det er kjekt å vere sauebond når det går bra, seier bonden.

Sauebonde Gunnar Lægreid i Eidfjord
Foto: Tale Hauso / NRK

Rekordår likevel

Både vekt og klasse er endå betre enn i fjor, som var eit godår for sauebøndene.

– Det ser ut til å ha gått bra. Det er sett både vekt- og kvalitetsrekordar i år, seier Hitland i Norsk Sau og Geit i Hordaland.

Samanlikna med 2014 er det ei gjennomsnittleg vektauke på 0,6 kilo per lam i Noreg. I Hordaland ligg vektauka på 0,4 kilo.

– Dei aller fleste har levert meir lam enn dei rekna med når dei laga prognosar på kva dei kunne melde inn til slakt, så no er det god stemning, seier Hitland.

Sauer i Eidfjord
Foto: Tale Hauso / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.