Hopp til innhold

Politiet leitar etter væpna ranar

Ein mann gjekk inn på møbelbutikken i Bergen sentrum og truga tilsette med ein våpenliknande gjenstand.

Væpna ran Bergen sentrum
Foto: Jon Bolstad / NRK

Like etter klokka 17.00 fekk politiet melding frå møbelbutikken Bolia i Vaskerelven om at ein mann hadde rana butikken og truga dei tilsette.

– Han gjekk inn i butikken og veiva med ein våpenliknande gjenstand, fortel operasjonsleiar i politiet, Lars Geitle.

Mannen rømde frå staden og sprang mot teateret i Bergen sentrum. Han blir skildra som rundt 180 cm høg, med langt pistrete hår og lyse, holete jeans. Han har også på seg ein grå hettegensar, og er av norsk avstamming.

– Han har fått med seg noko ut i frå butikken, men akkurat kva han har stukke av med er ikkje avklart endå, fortel Geitle.

Politiet leitar no etter mannen i Bergen sentrum med alle ressursar dei har tilgjengelege.