– Eg vil gratulere Radøy kommune med prisen, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Kommunen har utmerka seg med sitt breie arbeid for å vedlikehalde og styrke nynorsken.
Det var Sanner sjølv som delte ut prisen til ordføraren i Radøy kommune, Jon Askeland:
– Dette er veldig inspirerande og veldig gledeleg, seier Askeland, til NRK. Vi jobbar aktivt for at flest mogleg skal ha eit aktivt forhold til dialekten sin.
5 gode søknadar
Departementet fekk i år inn fem gode søknadar, og juryen var samstemte om kven som hadde den aller beste søknaden. Radøy kommune samarbeider med lag, organisasjonar og lokalt næringsliv for å løfte fram nynorsken, i tillegg til aktiv språkrettleiing av dei tilsette i kommunen.
– Det er viktig å jobbe vidare for å styrke og halde oppe nynorskbruken. Dette blir mellom anna gjort ved at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Juryen seier i si grunngjeving at det er positivt og nytenkjande at Radøy har tilsett ein ungdomskoordinator, som jobbar tett med ungdommane i kommunen. Ungdomskoordinatoren skal berre bruke nynorsk i all marknadsføring og informasjon mot dei unge. Kommunen har teke imot tilbakemeldingar på at dette har gjeve fleire ungdommar eit meir positivt syn på nynorsk
Juryen har òg lagt vekt på at Radøy er ein nynorskkommune under press med mange tilflyttarar med bokmål som målform.
100.000 kroner
Prisen til årets nynorskkommune er på 100 000 kroner og eit kunstverk. Tidlegare vinnarkommunar av prisen er Stord (2009), Seljord (2010), Fjell (2011), Sogn og Fjordane fylkeskommune (2012) og Ørsta (2013).