NRK Meny
Normal

– Dei tilsette tar det tungt

Dei tilsette ved Coast Center Base på Ågotnes fekk tysdag beskjed om at over 100 personar mistar jobben. Årsaka er at Statoil endrar seglingsmønster, og flyttar til Mongstad.

CCB-basen Ågotnes

KUTTAR 107 STILLINGAR: Etter at det kom fram at Statoil legg all forsyning til Mongstad, må CCB gjere ein kraftig nedbemanning. 107 mistar jobben.

Foto: Pål Bentdal

– Det er klart at det ikkje er noko gladmelding å komme med, dette her, seier Kurt Andreassen som administrerande direktør i Coast Center Base (CCB).

Årsaka til at Statoil i 2015 endrar seglingsmønsteret for skipa som forsyner Nordsjøen, er at Statoil ynskjer redusere kostnader for å bli konkurransedyktig.

Endringane frå Statoil gjer at all forsyning skal samlast på Mongstad, all røyraktivitet skal samlast i Florø, medan all subsea-verksemd samlast på Ågotnes.

– Slik me ser det no, så planlegg me ein nedbemanning frå 242 som me er i dag, til 135, altså at 107 personar blir råka, seier Andreassen.

Det var Vestnytt som først omtalte saka.

– Dyster stemning

Kurt R. Andreassen

INGEN GLADMELDING: Administrerande direktør i CCB, Kurt R. Andreassen, seier det ikkje er noko gladmelding å komme med når dei no kuttar 107 stillingar på CCB.

Foto: Irene Lillehammer/CCB

CCB mistar over 1000 anløp, og 150.000 tonn utgåande tonnasje, og løysinga for CCB blir då nedbemanning.

– Dei tilsette tar det tungt, og det var forholdsvis dyster stemning på allmøte me hadde i går ettermiddag, sjølv om dei fleste var førebudd på at dette skulle skje. seier Andreassen.

– Når aktivitet meir eller mindre fell vekk, så er det ikkje så mange andre løysingar enn nedbemanning, seier han.

Andreassen legg til at CCB er inne ein prosess med blant anna Statoil, der dei ser på ulike aktivitetar som tilførast dei.

Vil diskutere kompenserande tiltak

Det er ikkje bestemt kven som mistar jobben, og CCB har hatt ein dialog med fagforeiningane Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT) og Industri Energi om kriteria for nedbemanning.

CCB har òg invitert dei som ikkje er organisert til å velje ut ein representant som kan delta i drøftingane.

– Det er ikkje dette snakk om å sløkke lyset for Ågotnes, for me er i ein situasjon der all subsea-aktivitet skal vere her, seier Andreassen.

Utover hausten vil blant anna kompenserande tiltak for dei tilsette diskuterast.

– Eg vil anta at det vil dukke opp behov for kapasitet blant anna på Mongstad, men så blir det ei vurdering om kor stor hensikt det har for dei som bur på Sotra å jobbe på Mongstad, seier Andreassen.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2