Osterøybrua blir no gratis å køyre over

Osterøybrua er betalt ned. I dag klokka 10.00 køyrer den første bilen gratis over brua.

Osterøybrua stengt på grunn av vind

80 KRONER DAGEN: For ein pendlar kan brua koste over 17 000 kroner i året å passere. No skal det bli gratis.

Foto: MMS: Kjell Jøran Hansen / NRK

I nesten atten år har ostringane betalt bompengar over brua, som opna 3. oktober i 1997. Brua kosta 308 millionar kroner den gongen. I førre veke vart datoen sett for når brua er ferdig nedbetalt og bompengane kan fjernast.

Måndag klokka 10.00 køyrer den første bilisten gratis over brua. Dei førte sjåførane vil bli gjort stas på, ifølge styreleiar Birger Skår i Osterøy bruselskap.

– Dei første bilane vil bli markerte, så framt dei ikkje er elbilar, for dei reiser jo allereie gratis, seier Skår.

Kø på E16 ved Osterøybrua

3200 I DØGNET: Trafikken har dobla seg etter at brua kom i 1997.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Pendlarar sparar tusenvis

Dagen er verd å markere, ifølgje styreleiaren. I dag kostar det 80 kroner per dag å pendle over brua, når ein har trekt frå 40 prosent i rabatt. Det vil seie grovt rekna 1600 kroner i månaden.

– Dette er ein stor dag for Osterøy si befolkning, det er det ingen tvil om, seier Skår.

I gjennomsnitt har 3200 bilar passert bommen i døgnet. For ein familie som arbeider andre stadar i fylket, vil dette reknestykket kunne få stor betydning trur Skår.

– Eg trur dette vil føre til ytterlegare vekst i kommunen. Osterøy har ei gunstig plassering i forhold til dei som pendlar til og frå Bergen. Så det er klart at dette utgjer store utgifter for dei, seier Skår.

Birger Skår

BLIR ARBEIDSLEDIG: Styreleiaren i Osterøy Bruselskap, Birger Skår, seier han er glad for å bli arbeidsledig. Bruselskapet blir no avvikla.

Foto: Runa Victoria Engen

Betalt for fleire vegar

Brua har eigentleg vore nedbetalt for fleire år sidan, men avviklinga av bompengane har likevel latt vente på seg.

Hovudårsaka er at fleire vegprosjekter har blitt tatt inn i ordninga. Både Tirsåstunnelen, Hannisdalslina og veg mellom Hauge og Lonevåg er betalt av sjåførar på Osterøybrua.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.